Dette peanøttglaset måtte eg berre ha. Eg er ikkje innbitt peanøttetar, men glaset vekte nokre barndomsminne i meg. Konseptet med å skulle fylle ein neve med nøtter og så nærmast kaste dei i seg er kjent for meg. Slike minne har eg nemleg frå broren min då han åt peanøtter då me var små. Han tømte masse nøtter i handa og heiv ho mot munnen så nøttene fauk innover, og så tygde han som besatt og svelde ned med melk. H-melk, naturlegvis.
Slike minne dukkar stadig opp når eg tar turen til Fretex. Det er rart korleis ein knyttar hendingar til ting. Broren min elska peanøtter. Me andre elska det ikkje i like stor grad, og heller ikkje det som skjedde med tarmsystemet hans i etterkant. Me var utsette som budde så nært, veit de. Vel, nok om det!
Eg var også for eit par veker sidan på Kitch'n i Stavanger og fekk kjøpt meg Marimekkoskåler til halv pris. De skulle ikkje ha Marimekko lenger, så eg fekk både dei svindyre raude skålene og nokre svarte med meg. Eg synest peanøttglaset og skåla passar så godt i lag, så dei opptrer som par no.
Om glaset får plass i hyttehuset etterkvart eller om det gror fast her i heimen kan berre tida vise.

Dette peanøtt-glasset likte jeg:)
SvarSlettSå kjekt. Eg óg!
SvarSlett