torsdag 9. juli 2009

Hyttehuset

Her er hyttehuset.



Inni dette huset skal det bli liv kvar sommar framover. Det skal springast i bakkar, det skal vere opne vindauge og av og til kome duft av bakst ut av dei, det skal høyrast rop og skrål og tynne florlette sommarkjolar skal henge på ei snor utanfor. Og så skal ungar disse i heimesnekra disser som heng i dei eldgamle epletrea utanfor. Dei skal disse med stor fart og liten fart, kanskje også eit fall ned på gras og mose i ny og ne. Eit skrubbsår.


Huset skal også bli tatt i bruk på vinteren. Då skal det skine i stearinlys frå vindauga, det skal fyrast med ved inne og tyte røyk av pipa, det skal vere snø i bakken som små ungar kan renne i, juble av glede i, det skal vere appelsinlukt og duft av nellik, ein julemiddag skal også lagast innimellom.



Og så blir det påske. Då skal gule kyllingar laga av små barnehender stå til pynt i vindauga, det skal brenne gule lys, kvite lys, limegrønne lys. Og så skal familien ta ut på ein tur oppover i fjella i nærleiken for å kose seg i snøen.

Også nokre helger innimellom skal det vere liv i hyttehuset. Kvardagsliv. Det er me gode på. Då skal det meste vere som det er, men dyner skal hengje ut av vindauga, handlenett med mat skal dras inn i huset, kjøleskap skal fyllast og tømmast, skitne golv skal vaskast. På kveldane skal ei mor lese ei bok eller eit blad, sitje med strikket sitt, drikke kaffi latte og lytte på radioen, far skal drikke den mørke kaffien sin og nyte avisa, kanskje også bake litt, små jenter skal sove i nymalte senger som er lilla og rosa, ei bestemor skal overnatte på gjesterommet og breie eit heimestrikka teppe over seg når kulden gjer seg gjeldande. Vekeblad skal liggje i ein stabel i stova, lett tilgjengelege, ei korg med ullsokkar skal stå i entreen som eit tilbod til gjester, våte utedressar skal dryppe vatn, sko skal gje frå seg sand og grus som skal sopast opp og kastast ut igjen, tepper skal ristast, skiver med ost skal etast, fiskeboller og gulerøter, ein kopp kakao innimellom. Og boller. Masse boller.
Ein draum.
Aaaah, gjett om eg gler meg til me kan starte herlegheita.

2 kommentarer:

  1. Så hyggelig sommerhus!

    Si fra om du får din mor til å lage kulisser som dukketeater. Det hadde vært så morsomt og sett :-)

    Ha en fin sommerdag!

    SvarSlett
  2. vilket vackert hus, och fin inredning...../Lotta

    SvarSlett