Haugane med restegarn er toppa, så det er godt å kvitte seg med ein del. Og sanneleg går det garn med til dette prosjektet. Eg strikkar i dobbel tråd (lanett, smart, alpakka), og det går omtrent eit nøste med Smart-garn frå SandnesGarn til to ruter... Det betyr at eg allereie har kjøpt inn noko nytt for å få teppet til å bli variert men i same fargetone.
Det går i kalde fargar, svart, ymse blåfargar, rosa, kald grøn, lilla, kvitt og grått, og så har eg nokre striper og ei rute med burgunder berre for å friske det heile litt opp. Biletet ovanfor her er tatt inne i kveld mens det under er tatt ute på altanen, så fargane skiftar litt med lyset.
Tenkjer naboane må undre seg over meg som dreg ut eit teppe på seine kvelden, legg det ut og tar bilete... he he.
Ja, ja.
Eg skal strikke fire eller fem sånne "skjerf" og sy saman. Til sist skal eg (eller svigermor) hekle ein svart kant rundt det heile. Då trur eg det kan passe bra i ein gråsvart sofa, eller som eit varmeteppe på ei svart seng med lys rosa sengeteppe.
Og no ser eg at det passar godt i fargane til Cecilie Grut sitt bilete i innlegget under her, he he.
Her er forresten eit bilete av inspirasjonskjelda mi:
Biletet er henta frå siste Rom 123.

Teppet ditt tror jeg blir kjempefint! Fine farger, og veldig kjekt å bruke opp restegarn på denne måten:)
SvarSlett