lørdag 25. juli 2009

Min favorittfilm

I dag vil eg berre reklamere litt for det eg meiner er tidenes beste film - Så som i himmelen.



Eg har nokre filmar som for meg er evigvarande og som eg må sjå omtrent ein gong kvart år. Så som i himmelen er ein slik film, og han blir berre større og større for kvar gong eg ser han.

YouTube-klipp med songen Gabriellas song (eg veit ikkje korleis eg legg ut sjølve klippet her)
Gabriellas song er høgdepunktet i filmen!

Filmen handlar om ein stor dirigent som kjem heim til barndomsbyen sin og slår seg ned der. Det skjer mykje med menneska i filmen, fordommar, ekte glede og kjærleik er stikkord.



Michael Nyqvist har den mannlege hovudrolla. Eg treng ikkje seie meir!
For dei som ønsker ei god kvalitetsstund ein sommarkveld, anbefalar eg å sjå denne.

(Sjølv har eg lånt filmen Mother of mine i kveld. Michael Nyqvist spelar der også. Og det er eit kvalitetsstempel!) Så då blir det snurr film her i heimen.

God laurdagskveld til dei som måtte kome innom.

3 kommentarer:

  1. Herlig film;) Lenge siden jeg har sett den nå;)
    Klem fra Maja

    SvarSlett
  2. Oi! Dette må jeg bare kommentere!!

    DETTE ER HELT KLART MIN FAVORITT OGSÅ!
    Jeg har sett den uttallige ganger og alle gode venner jeg har, har måttet se den med meg ;O)
    Jeg blir aldri lei... Den er nydelig!!

    Hilsen Liv som takker for titten i din blogg

    SvarSlett
  3. Hei! Tusen takk for kosleg kommentar på bloggen min! Dette er også min favorittfilm. Hugsar så godt då eg såg den på kino; eg log og gret om ein annan, og då filmen var slutt vart eg sittande heilt stille og undre meg over kor fantastisk filmen var. No har eg sett den mange gongar og blir aldri lei.

    Når det gjeld å legge ut videosnuttar frå t.d. youtube.com, er det like enkelt som å legge ut eigne bileter.Når du har funne det du leitar etter på youtube, sre du i margen til høgre. Der står det "URL" og "Embed".Bak desse orda står det nokre koder. Eg brukar å kopiere "Embed"-koden, så finn eg fram der det står video eller legg inn video (der du skriv innlegget ditt), og så limer du koden inn der. Då skal det berre vere å klikke på OK og så kjem videoen i innlegget ditt.

    Ha ein framleis fin søndagskveld!

    Klem

    SvarSlett