He he, eg skriv "Inne!" i overskrifta her fordi me no har overnatta i ein nyare versjon av hyttehuset. Femåringen heiv beina på bordet for den lukka.
Men me er vel rett sagt ikkje inne i tradisjonell forstand. Mykje gjenstår, og me kan ikkje møblere fordi elektrikaren skal ha si tid til det han skal gjere.
Desse "trådsnellene" er hans domene, eg blir forvirra av å sjå på kor mange ledningar som skal plasserast på rett stad. Godt eg ikkje driv med den slags.
Men me tok oss no likevel litt til rette no i helga. Og så rydda me vekk igjen før me drog heim. Berre for å få nokre gode augneblinkar.
Det som kjenneteiknar allrommet er lyset. Det finst mange vindauge der med fin natur utanfor. Å sitje på benken eller stolen og nyte lyset og ein god kaffi ein laurdagskveld klokka 22.30 er ikkje å forakte.
Og så kjem søndagen, og tankane mine flyg i 220 km/t. Kvar skal eg ha alle tinga eg no har samla inn frå Fretex, Qxl og Finn + andre menneske plasserast? Tanken er at huset skal møblerast med brukte møbler. Og førebels trur eg eg har klart meg overraskande bra.
Her skal ovnen stå. (Golvet ser noko mørkare ut her enn i verkelegheita.)
Og denne brune hylla skal bli kjøkkenhylle. Eg fekk henne av ei gammal dame, og eg trur ho kan bli bra med litt kvitmaling.
Ja ja, det skal bli nok å hengje fingrane i framover også.
Det er forresten nokså stille her på bloggane rundt omkring. Sommaren har overtatt for daglege gjeremål og det pausast i dei fleste heimane.
Fortsatt god pause!
Viser innlegg med etiketten Tankar om prosjekt. Vis alle innlegg

søndag 11. juli 2010
torsdag 4. mars 2010
Nei, det er ikkje påske enno
Ein skulle tru eg hadde pynta stova til påske her...

Men det er ikkje tilfellet, eg har berre vore på Fretx, igjen. Det blir litt mykje Fretex når ein har fridagar innimellom. Men eg nyt det jo.
I dag kjøpte eg med meg desse endene, og eg veit ikkje om eg synest dei er litt harry eller om dei fungerer godt. Eg heller til det siste.

Her er dagens fangst (solbrillene frå H&M er inkludert, for små jenter som gjerne vil gjere likt mora si må jo også få solbriller). Eg måtte stikke innom ein hobbybutikk etter Fretexbesøket for å gjere fangsten komplett. Saken er nemleg den at eg kom over ei settekasse, og det har eg hatt lyst på så lenge. Og dermed måtte eg jo kjøpe med meg papir og lim til å tapetsere med.

Settekassa har ei glassdør foran, og det passar meg fint sidan eg er rimeleg tolerant i høve til støv i heimen. Tinga kan med andre ord få vere støvfrie lenger.

Her er papiret eg kjøpte, og det fine er at det er tosidig slik at det er eit anna mønster på baksida. Genialt! Eg har også noko papir frå Rice liggjande, så no skal settekassa få kulør.
Og så ramla eg over dette blå stoffet som eg likar så godt. Eg hugsar dette mønsteret frå barndomen, anten seint syttital eller tidleg åtti. For ikkje så lengje sidan kjøpte eg ein brun boks med dette mønsteret også, så eg får litt hjartebank når eg kjem over mønsteret. Blåfargen her er nydeleg.

søndag 28. februar 2010
Kvitt bord og ny inspirasjon
Endeleg er spisebordet mitt ferdig. Det har fått god tid til å tørke og er no klart for bruk. Og det er ei rar kjensle å ha kvitt bord når ein ikkje har hatt det. Det er så lyst og herleg og andre fargar kjem ekstra godt fram.

Ja, eg måtte dra fram minstejenta sitt dynetrekk her for eg synest det er så herleg med dei sterke fargane og sjarmerande epla. Det er ikkje sikkert det får vere dynetrekk meir, eg trur eg må lage noko av det.

Eg har lyst å prøve å sy meg eit lappeteppe etter inspirasjon frå sååå mange bloggarar her, men er noko usikker på korleis eg gjer det. Syr ein saman mange ruter i ein strimmel for så å sy saman alle strimlane til slutt? Noko spesielt å ta omsyn til? Dersom nokon har gode tips eller lenker til tips, tek eg gjerne imot.
Etiketter:
Heimen heime,
Møbler etter,
Tankar om prosjekt
fredag 19. februar 2010
Arbeid pågår...
Her kjem ei helsing frå hyttehuset, det eigentlege huset som denne bloggen opprinneleg var meint å skulle handle om...

Det er framleis kvitt ute, men lyset gjer seg stadig meir gjeldande, og eg elskar det.
Arbeidet er i gang. Veggar blir reinska for gamalt tapet, spikarar fjerna (med vonde hender som resultat), ledningar rivne vekk osb. No skal dei gamle veggane fram, og dei er forbausande flotte. Det er ikkje mange fuktflekkane der, nei. Nesten synd å seie eg skal male over dei, men dei skal altså bli kvite. Eg må ha lys!
Arbeidet er enormt, og eg trur det er best å ikkje tenkje på det. Akkurat no sit me og planlegg korleis eit knøttlite bad skal vere. Eg vil helst ikkje ha belegg på veggar og golv for det er så sjellaust, men så er det pris og fuktsikkerheit då... Eg vil helst ha den gamle treveggen på badet som ei gammal tante i si tid har malt knall rosa, men så er det krava i dag, då... Det finst vel maling som kan halde fukt vekke på treveggar også... Hm, ikkje lett. Og golvet då, kva skal me ha der?
Slik driv me på no.
Slik driv me på no.
Her er eit bilete frå før me byrja rive...
Ved dette bordet skal eg om nokre månader (eg er optimist) sitje og nyte kaffien min på slagbenken saman med retroputer og leikande born i retrokjolar...
Ha ha, eg trur at tida er det einaste eg har nok av, eg skal vel få merke meg kor inderleg feil eg tar.
Men er ein optimist kan det jo gå...
onsdag 3. februar 2010
Eg vil ha blått
Etter forrige innlegg her der eg viste fram litt av det kvite kjøkkenbordet og dei blå grytene eg hadde kjøpt, fekk eg ei trang til å endre fargane litt på kjøkkenet her i heimen. Me har eit kaffilattefarga tapet på kjøkkenet og kvit kjøkken. Det kvite bordet roa inntrykket litt, og eg syntest det blei ganske fint med dei blå grytene som eg hadde tenkt til hyttehuset.

Dermed måtte eg opp på loftet å leite etter eit stoff som eg leita som gal etter i butikkane for fleire år sidan. Det var dette blå blomstrete stoffet her. Fyrste gongen eg såg det var i ein interiørreportasje i KK. Stoffet var kjøpt på Åhlens.
Eg fór til vår lokale Åhlensbutikk, men nei. Det stoffet var gammalt, dei trudde iallefall to år, så det var nok dessverre ute av hyllene.
- Søren og, tenkte eg.
Men eg må ha sagt det høgt, for damene bak kassa fekk det føre seg at dei skulle prøve å spore opp nokre restar anten i Norge. Det heile enda med at eg fekk meg fleire meter til ein slikk og ingenting (det var jo eit utgått stoff), og stoffet kom frå andre delar av landet. Sørvis!

Men så var det slik at då eg fekk det heim, så dabba gleda av. Eg syntest ikkje stoffet var så fint likevel. Og slik enda det på loftet.
Så var det dei blå fretexgrytene mine som drog stoffet fram frå gløymselen. Og sanneleg var det blitt lekkert igjen. Ikkje sant?
Så no skal eg prøve å tvinge meg til symaskina mi for å få sydd puter til å ha på kjøkkenbenken. Så slik er det med den saka.
Me får sjå kva det blir til...

mandag 16. november 2009
Det nærmar seg
Det blir lite hyttehus her inne for tida. Saken står nemleg på vent, og me kan ikkje vere i huset no fordi det er for kaldt. Me har rive vekk desse lyse veggane på biletet og no er det berre mørke panelte veggar som står att. Nye vindauge til heile huset er bestilt og i januar blir dei skifta, huset isolert og ny kleding kjem på. Det nærmar seg noko. Spennande.

Dette biletet er frå i sommar. Og dette er den eine stova utanfor kjøkkenet. Eg vil gjerne rive veggen inn til kjøkkenet og no driv eg og vurderer om me skal ta vekk heile veggen eller la litt stå igjen. Eg tenkjer kanskje at me set opp ein kjøkkenbenk som går der kor veggen (og minisofaen) står i dag. Så kunne me hatt ein god sitjebenk inntil kjøkkenbenken på stovesida. Det er litt digg å ha selskap når ein romesterer på kjøkkenet, for praten si skuld, ikkje sant...
Ja tankene flyg, meiningar endrast og ting tar tid.
Det er vel slik med store prosjekt.
No må eg rette stilar, sukk.
(Dette var berre eit døme på at tankar flyg når ein sit og skal til med noko kjedeleg. Lærarar er ikkje betre enn elevar der, he he. Iallefall ikkje denne læraren.)
Ha ein god dag!

fredag 16. oktober 2009
gammalt og gult
Dette gamle medisinskapet var tenkt til doktorskap på jentene sitt rom i hyttehuset.

Men etter å ha vore innom Susan Liebe sin butikk i København, har eg endra meining. Og heldigvis er eg litt treg av meg, så skapet er enno ikkje gjort noko med. For hos Liebe var det mange slike og liknande skap som ho hadde dulla med og som stod der og freista eit forfrose nordisk hjarte.

Dei var tapetserte inni og mala med nydelege fargar. Og det tenkte eg å gjere med dette no. Liebe elskar jo turkis og lys lilla, og eg er nokså lik der. Men eg er slett ikkje overbevist. For no er det slik at den gule fargen er ved å innta hjartet mitt. Eg diggar gult og synest det er kult.
Men så er det dette med mote då. Eigentleg blir eg kvalm av at eg lar meg påverke av motebilder, for kvar er eg då eigentleg plassert? Eg har aldri likt gult eg, ser de. Men no... ja, eg blir varm om hjarterota. Akk ja.

Eg diggar gamle kassar også!
Ein herleg kombinasjon.
Men så er det dette med mote då. Eigentleg blir eg kvalm av at eg lar meg påverke av motebilder, for kvar er eg då eigentleg plassert? Eg har aldri likt gult eg, ser de. Men no... ja, eg blir varm om hjarterota. Akk ja.
Så eg får sjå kva farge skapet får.
I hyttehuset trur eg pastellane skal få boltre seg sjølv om eg aldri hadde trudd eg skulle seie noko slikt etter 80-talet. Då blei eg nemleg relativt metta. Men no er det åde sagt og meint.
Etiketter:
innkjøpte møbler,
Møbler etter,
Tankar om prosjekt
onsdag 14. oktober 2009
Eg vil også ha butikk!
Eg er jo ikkje ferdig med Køben enno. Det er noko med ein draum som forsterkast når ein er ute og reiser og blir inspirert. Eg har aldri hatt ein draum om å starte butikk for meg sjølv og trur innerst inne ikkje at eg vil det no heller. Men eg blir så riven med av all den sjarmen som ligg rundt dei små butikkane i smalare gater rundt omkring.
Folk framstår som så kreative og leikne at eg blir misunneleg når eg går og ser.
Som her for eksempel, dei raude spanna med rosa lyng i. Heime ville eg aldri eingong ha kome på tanken om at dette var mogleg, ei heller at det tar seg bra ut. Eg synest dette er råkult, rett og slett.

Og så er det desse stolane og borda med teppene i. Leikne fargar som livnar så voldsomt opp ein haustdag.

Og så er det rett og slett leiker i vindauga som treff det nostalgiske i meg, som rører ved sarte minne frå ein barndom med leik, uskuld og glede. Eg hadde naturlegvis aldri slike leiker som dette, men som barn er slike leiker nærmare sinnet, og det er minnet om den nærheita som gjer meg yr og glad.

Jentene her i heimen blei ståande lenge utanfor desse vindauga og kikke. Dei kjenner sikkert også på ein draum om et eller anna, om noko uoppnåeleg. For eg kjøper ikkje desse antikke leikene til dei, langt ifrå. Til det er dei for utskjemde med leiker, dei herjar fritt. Men draumen og lengta er ei betre gåve enn leiken i seg sjølv.

Så kjem dei butikkvindauga mor sjølv stod lenge utanfor. I andre etasjen ser det så spennande ut, så interessant og kunstarleg.

Dei gamle tapetrullane ho har i vindauget her ligg i hopetal innanfor dørene. Nydelege retrotapetar til 100 kr meteren og 500 kroner rullen (10 m). Eg skal male eit furuvitrineskap i hyttehuset, vurderer å male det svart eller lilla og så tapetsere ryggen inni det. Så eg kjøpte med meg ein tapetrull då, frå butikken hennar. Ikkje typisk digre retroblomar, for det trur eg eg blir lei av raskt, men eit litt mildare blomemønster i rosa, lilla, lyseblå og lysegrøne fargar.

Det er herleg å stå utanfor desse vindauga og draume, sjå utstillinga, korleis tinga er sett saman og korleis dei blir framheva av nettopp det.
Det er når eg står utanfor slike vindauge at eg kjenner ei lyst til å ha min eigen butikk eller kreative stove. Eg er ikkje meir enn moderat kreativ, så det blir nok ikkje til noko, men tenk den fridomen det må vere å kunne leike seg fram til ting. Eg måtte ha vore rik då. Så rik at eg ikkje trengte tenkje på pengar og bekymre meg for at dei ikkje kom inn osb.

Dei gamle tapetrullane ho har i vindauget her ligg i hopetal innanfor dørene. Nydelege retrotapetar til 100 kr meteren og 500 kroner rullen (10 m). Eg skal male eit furuvitrineskap i hyttehuset, vurderer å male det svart eller lilla og så tapetsere ryggen inni det. Så eg kjøpte med meg ein tapetrull då, frå butikken hennar. Ikkje typisk digre retroblomar, for det trur eg eg blir lei av raskt, men eit litt mildare blomemønster i rosa, lilla, lyseblå og lysegrøne fargar.
---
Kanskje eg skal bruke hyttehuset til ein liten butikk sommarstid og til jul? Me skal jo ikkje bu der til kvardags?
Då kunne eg ha leikt litt utan at det blei for nifst.
Eg må tenkje litt på det...
Etiketter:
Draumar,
Reise,
Tankar om prosjekt,
Utanomhuslege ting
søndag 6. september 2009
Kvitmale alt, eller ...?
Me har ein stor jobb foran oss i hyttehuset, men me må ta det i små skritt.
Alle veggane der er tapetserte og malte fleire lag. Og me hadde vel sett føre oss å gå gjennom kvart rom med tapetfjernar i form av ein steamar. Ein nitrist jobb, om eg får seie, for det har me nemleg gjort i hovudhuset vårt. Og me var slett ikkje sikre på kva me skulle finne under.
Men så var det ei stor glede som møtte oss då me friskt starta på gjesterommet. Sjå denne flotte treveggen som kom fram:

Og det blei ingen steamar på oss. Sidan huset ikkje er isolert, så er det spikra opp papplater som er blitt tapetserte. Og dei gjekk det an å rive ned utan problem. Eg og mannen blei så glade!
Her under er det meste fjerna, litt smårusk i hjørner og ved lister, men sidan me skal skifte vindauge i heile huset i vinter, så tar me resten då.

Den lille veggen ved døra som går ut mot gangen, er ikkje trevegg, så her må me tapetsere, men det er jo inga sak.

Me har då eit stort spørsmål med tre alternativ:
1. Skal me male alt kvitt (som opprinneleg plan var)?
2. Skal me kvitbeise alt for å vise den flotte treveggen?
Eg byrjar tenke meir og meir på alternativ tre, for det gir jo litt liv til romma. Viss det er så flotte treveggar i heile huset, kan det jo vere greit med noko som skil seg forsiktig ut.
Me undrar kva me skal gjere.
Kva hadde du gjort?
Etiketter:
Gjesterommet,
Huset før,
Prosjekt igang,
Tankar om prosjekt
søndag 9. august 2009
Strikkedille
Eg strikkar litt innimellom. Når eg får ei strikkedille, må eg berre utnytte henne. Det kan nemleg ta lang tid til neste gong. Og i sommar har eg strikka nesten eit heilt pleid som eg skal ha i hyttehuset. Det er av dobbelt garn, så det er tungt og varmt. Men det kan vere kaldt på vinteren, så eg trur det blir deilig.
Her ligg det i korga, ikkje heilt ferdig enno.

Og så har eg hatt ein liten strikkepause frå det store prosjektet, og då blei det vaskeklutar til kjøkkenet. Men ikkje mitt. Desse har blitt ei gåve til ei som er glad i fargar.

Håpar ho likar dei.
Dei er strikka som så mange andre klutar i bloggland, rett-vrang på eine sida, og rett på andre. Dobbelt bomullsgarn og pinne nr. 4. Eg la opp 48 moskar.

Og så blei gåva supplert med oppvaskkost og flaskekostar frå Clas Olsson. Ei lita sommargåve.

Kunne ha vore fine smågåver dette. Det er vel ikkje klutar og oppvaskbørster me får mest av til bursdagar og jul, tenkjer eg. Så om strikkedilla held fram, så er kanskje delar av julegåvene om ikkje i boks, så iallefall planlagde.

Tida vil vise.
Etiketter:
Handarbeid,
Prosjekt igang,
Tankar om prosjekt
onsdag 5. august 2009
Stova - før
No har me vore i hyttehuset igjen. Og det er lite framgang som visar. Men no er alle borebillene i kjellar og loft drepne, heldigvis. Det var ein del av dei... Og ein god del møbler var óg infiserte. Så det blei nokre darlingar på bosshaugen, men men. Nokre prøver me å redde også ved å smøre dei inn med middel sjølv.
Og så er det tre byggmesterar som skal gi tilbud på nye vindu og kledning + isolasjon på huset. Omfattande greier dette, men eg trur jo det blir kjekt etterkvart då.

Mens alt dette pågår, så vandrar no eg litt til og fra, passar barn, lagar mat (kjønnsroller...kremt) og tenkjer. Eg tenkjer ganske mykje, skal eg seie dykk. Eg tenkjer mellom anna på korleis stova skal bli. Ovanfor er situasjonen per i dag. Ein svart Ektorpsofa kjøpt gjennom Finn, ein burgunderraud stol frå dødsboet eg var innom for ein månad sidan, og den blå gyngestolen er frå eksen til mannen min, he he. Eg likar han godt, eg.

Her er lampeskjermen frå Ikea som var på tilbod og ein gammal lampefot eg hadde då eg var jente. Over den burgunderraude stolen ligg eit strikka teppe i sennepsgul farge. Passar godt til lampa, men eg likar det eigentlig ikkje så godt. Det var mor mi som vann det på ein basar ein gong. Og gardinene er hengde opp førebels. Dei er frå dødsboet dei óg.
Under her er grusomkroken. Kjøpmannsdisken stod igjen i huset, men er no på veg til maling i kjellaren. Han skal bli kvit og plasserast på jenterommet. Og så er eit gammalt eikeskap frå mor mi no blitt kvitt og skal få denne plassen. Bilete kjem seinare.

Og så vil eg med tida bytte om Ektorpsofaen med ein hjørnekarlstad for å få eit meir moderne uttrykk.
Så gjenstår fargane då... Kva i verda skal eg finne på?
Herleg retrogalskap eller roleg harmoni? Eit sommarhus må vere lyst iallefall, lyst og luftig, men gjerne leikent! Helst leikent, ja!

Møbler før,
Stova,
Tankar om prosjekt
onsdag 29. juli 2009
Bumling med malingsflekkar - kva gjer eg?
Det forrige innlegget mitt viste mi manglande kjennskap til Bumlinglampane. Eg har ikkje høyrt om dei før, men sidan eg falt pladask for den grøne lampa, så har eg altså fått auga opp for denne lampa og vil gjerne ha taklampa i kvitt.

(Vurderer om eg skal kjøpe lampa til 3000 kroner.) Eg må jo innrømme at den kvite passar betre her enn den grøne. (Sjekk forøvrig Husetvedbekken sine inspirerande bilete frå heimen med blant anna kvit Bumling-taklampe her.)
Men så er det slik at den grøne Bumlingen min etter vask, (han må ha vore arbeidslampe i eit rom der det har blitt sparkla for han var full av sparkel), er fri for sparkel, men dessverre ikkje for kvite malingsflekkar. Eg har forsiktig prøvd å skrape dei vekk, men då går delar av den grøne lakken med. De ser flekkane på lampefoten.

Så er det store spørsmålet om eg skal male/spraye han kvit...
Eg er usikker for eg vil i utgangspunktet ikkje klusse med originalen, men når han har kvite malingsflekkar (ikkje veldig mange, men nok) så blir eg i tvil.
Kva meiner de om denne problemstillinga? Eg synest det er så kjekt med innspel, eg.

onsdag 22. juli 2009
Eg treng råd
Det er ikkje det at eg har så mange lesarar, men eg prøver meg likevel på å legge ut eit spørsmål her.
I hyttehuset vårt er det to stover, ei spisestove og ei gammal finstove. Mellom dei er det skyvedører. Kjøkkenet ligg vegg i vegg med spisestova. Eg grublar for tida over om me skal slå ut denne veggen mellom spisestova og kjøkkenet. På bildet under (ikkje legg merke til kaoset som rår for alt er foreløpig kaos) vil det seie veggen til venstre der de ser litt av døra til kjøkkenet. Det vil ikkje vere mogleg å fjerne heile veggen, for inst i kroken til venstre (ser det ikkje på biletet) på veggen mot kjøkkenet står ein liten ovn. Men frå døra og ut til veggen med vitrineskapet (som må bli kvitt, naturlegvis) kan det vere mogleg å fjerne veggen.

Under er kjøkkenet sett frå døra. Det skal også bli kvitt.
Eg ser vel føre meg eit allrom med ei kjøkkenøy der veggen står i dag eller noko slikt.
Er det nokre vene sjelar her inne som kanskje kunne meine noko om dette eller som har lenker til bilete med inspirasjon? Eg tar alltid best val når eg har vurdert fleire perspektiv.
Mange tankar, ja. Det er iallefall sikkert.
Etiketter:
Huset før,
Kjøkkenet,
Tankar om prosjekt
lørdag 18. juli 2009
Kjøkkendraum
Eg svømmer rundt i draumar.
For draumane er det som er mest verkeleg når ein sit ein stad unna det huset en har draumar om og planar for. Og så er det så mykje å gjere at eg ikkje heilt veit kor me skal begynne. Eg har nemnt soverommet tidlegare. Det har første pri. Og snart tar me fatt på tapetfjerning og penslar.
Men tankane mine driv vidare, naturlegvis. Dei stikk innom dette kjøkkenet også.

Eg vil ha det lyst. Eg vil ha kvite skap og veggar, og så vil eg ha det luftig og lett.

No er det ganske mørkt. Og benkeplata for lav for både meg og hyttemannen.
Her er noko eg syns er fint. Det treng ikkje vere umogleg å få til noko liknande.
Eg snakkar ikkje om ny kjøkken. Det blir på eit anna budsjett. Men det gamle kjøkkenet kan bli ganske godt med litt oppussing. Glasskapet på bildet over er fint. Eit anna alternativ til glassdører er å fjerne dørene og ha hyllene opne. Då kan det bli som dette:
Etiketter:
Draumar,
Huset før,
Kjøkkenet,
Tankar om prosjekt
torsdag 16. juli 2009
Kast det!
... vil mange seie.
Det luktar vondt, det er ekkelt, gammalt og ubrukeleg.

Nei, vil andre seie. Klart eg ikkje kan kaste dette. Himmel - det er jo reine skattekammeret. Arbeidskrevjande, ja, men ubrukeleg...? Nei, ikkje i det heile.
Dette lasset er frå dødsboet. Eg skulle kjøpe eit gammalt spisebord, eg. He he. Og det kjøpte eg óg, altså. Det ligg underst her. Det andre kom på kjøpet. Slikt kan det gå.

Denne trekassa her kan jo bli som dette frå Norsk Stil. Og det er noko slikt eg har i tankane. Hjul skal på og han skal bli kvit viss han skal stå i stova, lilla viss han skal på barnerommet. Det er også lokk med, så kanskje blir han brukt som lite bord, kanskje som leikekasse. Tida vil vise.

Desse kampingstolane er like dei me hadde då eg var lita. Eg synest eigentleg dei er litt grimme og simple, men eg kunne ikkje la dei fare i bosset. Eg har så gode minne frå kampingstolar som ein slår opp som desse. Blant anna har eg klemt fingrane mine utallige gonger i dei, dei var alltid dassblaute fordi me glemte å ta dei inn når det regna, dei var gode og varme å sitje på, og eg hadde min eigen lille røde barnekampingstol som dette. Her er det tre stykk. Tre stykk for dei tre barna mine. Eg trur heller dei vil sitje i desse enn i dei vanlege stolane me andre har. Desse kommer til å bli stas.

Stas er også denne skammelen. Eg fekk med meg fleire slike, og eg er heilt overbegeistra. Dei skal malast og setjast rundt omkring til nytte for kva det enn måtte vere.

Og så var det dette retrostoffet då. Det skal med til hyttehuset. Eg er enno ikkje heilt sikker på korleis eg vil ha det, om dette blir for voldsomt eller om det blir rett, men det skal iallefall med. Lille frøken L vil jo uansett ha grøne ting på rommet sitt.
Kast det!
... vil mange seie.
Dei er galne!
... svarer eg.

Fretexkjøp,
Møbler før,
Tankar om prosjekt
Abonner på:
Innlegg (Atom)