Viser innlegg med etiketten Kjøkkenet. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kjøkkenet. Vis alle innlegg

mandag 1. august 2011

Ein kjøkkenvegg med herleg kopp

Hylla på kjøkkenet har fått ein ny kopp som stod på Fretex og venta på meg i forrige veke. Eg har nemleg gode kjensler for emaljekoppar sidan me berre hadde slike på ei hytte i barndommen som eg har så gode minne frå. Den gongen var koppane raude og brune, men dei hadde nett slike blomar som denne blå her. Derfor hoppa hjartet mitt over eit slag då eg såg koppen stå og vente på meg. Eg leita etter fleire, men nei.


Desse emaljekoppane er faste heimelaga-saft-koppar, og det er kjekt med ein ny. Dei andre er frå IB Laursen.

Dette er eine veggen på kjøkkenet, den som går ut mot gangen. Døra har tavlemaling, men berre eitt strøk, så ho er enno ikkje tatt i bruk sjølv om dette eine strøket kom på i fjor...


Me har hatt mange fine veker i hyttehuset, denne sommaren med stor vekt på hage. Drenering og planering tek tid og krefter. Og så pausar me litt med kos med barna, turar (dei to eldste jentene drog med faren sin til Preikestolen førre veke medan eg tok minstejenta på ein mindre krevjande tur), bibliotek (på dei grå dagane), bading etc. (Og så meklar me når ungane går i totlevase saman (les:kranglar). Det er ikkje til å stikke under ein stol at slikt skjer, he he.) Innimellom drar me heim for å klippe plen og ta turar innom Fretex etc. Når hytta ikkje er så langt heimefrå, går slikt an.
Og på ein heimetur var eg inniom Ikea og såg ei lampe eg berre må ha når nye pengar kjem inn på kontoen. Ho er enno ikkje komen på websidene, men eg trur ikkje eg vil vere åleine om å falle for henne. Eg drøymer om å lage ein tøff arbeidsplass her heime også, og der skal ho i så fall få vere. Akk ja.

Nye dagar kjem, me er litt her og der. Så får me sjå.


Gode kvelden til dykk!

lørdag 18. juni 2011

Lampar på plass

Her kjem eit ustyla bilete frå kjøkkenet vårt. Her heng strykebrettet på skapet, sokkar ligg på golvet og ein madrass me plar ha ute ligg i fronten. Vinduskarmen er ikkje rydda. Men gjer det noko?


Ikkje i det heile. Slik har me det.
Kjøkkenet er framleis ikkje ferdig, plater rundt komfyren skal på veggen, komfyren skal heisast opp litt pluss me skal skru i handtak på nokre skapdører. Forrige helg kom me likevel eitt skritt nærmare når lampane over benken kom opp.


Dei er frå Clas Olsson og passar godt sidan dei ikkje tek noko av lyset frå vindauget.

Om nokre veker skal eg stå på dette kjøkkenet med rips i mengder og koke saft. Det gler eg meg til.
No derimot, skal eg ut og plukke blomster.

søndag 17. oktober 2010

Kvardag igjen

Det er klart for kvardag igjen. Haustferien er alltid kjærkomen her hos oss. I fjor hadde me tidenes tur til København med kjekke kafébesøk, leikeplassar, butikkar og dyrepark. I år trekte me oss meir tilbake og holdt oss i hyttehuset som me endeleg kan bruke. To heilt forskjellige feriar, like sjarmerande innanfor sin sjanger.


I hyttehuset fekk me ordna meir på plass, malt, rydda og slappa av. Sjølv om hyttehuset i hovudsak skal bere preg av å vere eit sommarhus, må me tilpasse det litt til kaldare dager også. Her er "skrivekroken", eit gammalt bord frå svigermor, ein krakk frå ei gammal dame, bestemor si veske, tallerkenhylle, lampe, miniglobus og reinsdyrskinnet på krakken (heilt nytt og ubrukt) frå Fretex.


Og i venstre hjørne heng Borghildposen som er har hekleria mine i. Eg kan nesten ikkje hekle, men har no kasta meg over eit lite prosjekt som eg håpar kan bli brukande. Er ikkje posen fin? Han er med meg overalt for tida.


Og så har me pakka og gjort oss klare for heimturen, kjøkkenøya og hylla over er eg blitt så glad i, så eg kan ikkje dy meg for å leggje ut eit par ekstra bilete her.



No kallar kvardagen igjen, møter, retting (ja, eg har ikkje retta noko i ferien!), treningar. skule og barnehage. Men inni der ligg også komande strikkekveldar med stearinlys og god grøn te.



torsdag 14. oktober 2010

Bestikkpose

Før me drog på haustferie denne veka, var eg innom mi gode venninne Cecilie, som er dagleg eigar av Gardintrylleriet. Ho er bånn sløv på marknadsføring av eiga bedrift, ikkje har ho nettside, ikkje har ho blogg og ho er ikkje på Epla eller Facebook. Kva i all verda? Men ho har sine faste kundar i Stavangerregionen som held ho i live. Ho syr nemleg gardiner, puter og slikt på bestilling, og det er nok å gjere. Men det kan jo alltid bli meir, ikkje sant?


Sjølv synest eg ho må komme seg på nett og vise kva ho syr. Iallefall, eg var innom henne for å få sydd kjøkkenliftgardiner til hyttehuset vårt, då ho i forbifarten nemnde at ho syntest det var så kjekt med bestikkhaldaren som ho og mannen hadde heime.

Ein kvafornoko? spurde eg.


Jo, då kom det fram at dei ofte gløymde bestikk når dei laga mat og at det var så praktisk å ha bestikket liggjande på kjøkkenbordet i ein passande stoffpose ho hadde sydd.

Ah, for ein sjarmerande ting å ha, sa eg. Og så oppdaga eg at det låg ein liten bit av dette stoffet med favorittfargane mine framføre meg...


 Då eg skulle hente gardinene eit par dagar seinare, sto det to slike posar klare til meg. Ein til bestikk, ein annan og noko større til serviettar eller det som måtte vere praktisk å ha i nærleiken på bordet.

Eg har prøvd meg på både innbrett og utbrett, men likte utbrett best. No står bestikket i nærleiken kor enn me er.

Under her er kjøkkenøya vår, og retroposen er eine sida ev ein fantastisk stoffpose fra Borghilds b-design. Tuusen hjarteleg takk. (Posen har fått ny stad no, så bilete kjem seinare, då med andre sida fram).


Nydeleg ver i dag, modne eple og pærer i hagen, fin tur langs sjøen med minstemor, heimelaga potetstappe til middagen og eigensnekra brownieskake til kaffikos. Haustferie var det visst. Mmmm!

tirsdag 12. oktober 2010

Haustferie i hyttehuset - velkommen inn!

No er dørene i hyttehuset på eit vis opna. Me er her på haustferie og storkosar oss, sjølv om det framleis er mykje arbeid som blir gjort og som skal gjerast. Det store i denne omgangen er at no er golva ferdige i heile huset minus trappa opp. Det betyr at me kan ta ibruk alle romma, og det er rett og slett skamherleg. De skal derfor få kikke litt inn, sjølv om det tar tid å finne riktig plass til det meste.

Her er bestastova (tv-stova, he he).

I denne stova er alt brukt, anten kjøpt via Finn, arva eller kjøpt på Fretex. Det gjeld vel nesten heile huset. Golvet er slipt, kvitbeisa og lakka, veggane malte ørten lag med kvitmaling (vannbasert har dårlegare dekkeevne, sukk). Det store tv-skapet er ein kopiert ide frå BodilBo og ei gullgruve for oss med stor og klumpete TV og barn med fargestifter, spel etc. Alt ligg trygt og godt bevart + skjult inni der.


Her ser det magasinholdaren her i hyttehuset, ei gammal veske etter mannen si bestemor. Eg syntest veska var så skjønn at ho måtte i bruk på eit vis.

Så vandrar me inn på kjøkkenet der me omsider har fått ferdig det meste. Denne kjøkkenøya frå Ikea er unntak fordi ho er kjøpt ny. Me har brukt fleire dagar no på å få henne på plass, for det viste seg å ikkje vere heilt enkelt  med skeive golv og veggar. Men no står ho støtt som fjell (håpar eg).


Under her er kjøkkenet sett frå andre stova, spisestova vår. Kjøkkenøya er heilt enkel, men ein draum når ein skal lage til noko til dei små. Kjekt å stå med fjeset mot dei når ein lagar mat. Oversjå rotet på kjøkkenbenken! Den svarte lysestaken er ein gammal messingstake frå 90-talet som er lakka svart. Passar godt her, synest eg.


Og når kvelden kjem og noko godt dukkar opp på benken, kikkar dei små fram...


Haustferie er herleg!
God ferie til de av dykk som har det no.

søndag 22. august 2010

Før, og litt etter

Eg kan ikkje skrive etter i normal forstand, for me ha framleis mykje ugjort i hyttehuset. Men det er no framsteg å vise til, om ikkje anna. Her er eit bilete av entreen vår før. Dvs. me var godt i gang fordi me hadde rive mykje tapet og fjerna mange spikrar, men likevel ikkje malt skvetten.


Så har me i sommar malt veggane og nokre av dei gamle møblene som stod i huset. Spegelen og bordet under her var i lakka furu, spegelen med fuktskader. Dei blei pussa, grunna og malte. Eg synest dei blei ganske fine, eg. Og så har veggane fått seg nokre strøk med maling. Dørlister og slikt står på gjeremål utover hausten. Men det kjem seg.


Og så var det over til stova. Her er eit nesten før-bilete. Tapet er rive vekk etc. Og me er i ferd med å skulle fjerne veggen mellom eine stova og kjøkkenet. Dette her skal vere eit allrom.


Og i sommar har veggar, møbler, kjøkkenskap fått maling, benkeplata som var eldgammal og altfor låg har blitt ny. Mykje gjenstår, men mykje er sanneleg gjort også.


Eg er på jakt etter ei passande kjøkkenøy som skal stå der den lyse krakken står. Anten må eg finne ei tøff mobil ei, eller så må eg kjøpe meg ein meir fast modell frå Ikea. Då vil det bli med to skuffeseksjonar i, tenkjer eg. Men her er eg ikkje sikker på kva eg vil enno. Me må iallefall ha litt meir benkeplass.

Av større arbeid har me igjen golv og tak i andre stova, golv og tak i entréen, dører, lister, isolering fra kjellaren og opp, installasjon av vedovn, reparering av pipe... akk ja. Det blir visst ein totalrenovasjon av det heile.

Men så skal me jammen meg skamkose oss etterpå. Det gler eg meg til.

Gode kvelden!

søndag 9. mai 2010

Elefantar og hyttehus

Det har vore ei kjekk helg for oss. Me har hatt koseleg lag med venner og familie, eg har fått hilse på den trivelege og gode feen, og me har fått ein straum av elefantar i hus.



Sjå desse HERLEGE her som eg har kjøpt av den gode feen, Linda. Dei er berre såå sjarmerande, og eg blir så glad av å sjå på dei.

Her snik ei jente seg framfor linsa for å forstyrre mora som er så fascinert av desse underlege dyra. Det har blitt sport her hos oss nemleg, det å forsøke å vere linselus på alle bileta eg tar. Eg må skunde meg å ta bilete før lusa kjem vandrande, hoppande eller snikande. Men det er no berre kjekt, det.
Og ein annan kjekk sak som låg med var desse skjønne retrostoffa. Gjett om dei skal gjerast om til noko kjekt. Tusen takk!



Så var det Hr Elefant himself. Eg hugsa ikkje kva det opprinnelege namnet hans var, så han får no vere nøgd med det namnet førebels.

Eg synest han passar godt til den lille pulten i fargen isvann som me har i stova, eller sekretæren, som mor mi seier.

Tusen takk for handelen!
...
I dag har me vore i hyttehuset vårt. Det går sakte framover, men eg kjenner meg stadig meir rastlaus no som sommaren nærmar seg.
Ovanfor her er inngangspartiet. Ny dør kjem snart, og så skal me med tida lage ein uteplass her, for kveldssola held seg lenge på denne sida av huset.

Her er kjøkkenet... Veit ikkje om eg treng seie noko meir.
Eg er usikker på om eg skal fjerne dei kvite hyllene her og berre setje opp enkle eller om eg skal ha heile stase. Det må iallefall bli kvitmalt. No er det lys blått. Skapa skal også bli kvite. Eg diggar no Fjeldborg sitt svarte kjøkken også, så eg skal halde mulegheita open.

Og her er veggen inn til kjøkkenet frå stova. Han går sine siste dagar i møte no, for han skal vekk. Me skal opne opp og få eit allrom. Det blir stas, veit de.

Åh, eg lengtar så. Men kvart skritt, er eit steg nærmare målet.
Ha ei god veke alle saman.
Her blir det stilretting til den store gullmedalja. Eksamen nærmar seg for dei som for tida spring rundt i russeklede og sit under pultane sine i timen. Det er no ei fantastisk verd, ikkje sant? Mangfald og tid for alt.

onsdag 3. februar 2010

Eg vil ha blått

Etter forrige innlegg her der eg viste fram litt av det kvite kjøkkenbordet og dei blå grytene eg hadde kjøpt, fekk eg ei trang til å endre fargane litt på kjøkkenet her i heimen. Me har eit kaffilattefarga tapet på kjøkkenet og kvit kjøkken. Det kvite bordet roa inntrykket litt, og eg syntest det blei ganske fint med dei blå grytene som eg hadde tenkt til hyttehuset.



Dermed måtte eg opp på loftet å leite etter eit stoff som eg leita som gal etter i butikkane for fleire år sidan. Det var dette blå blomstrete stoffet her. Fyrste gongen eg såg det var i ein interiørreportasje i KK. Stoffet var kjøpt på Åhlens.

Eg fór til vår lokale Åhlensbutikk, men nei. Det stoffet var gammalt, dei trudde iallefall to år, så det var nok dessverre ute av hyllene.
- Søren og, tenkte eg.
Men eg må ha sagt det høgt, for damene bak kassa fekk det føre seg at dei skulle prøve å spore opp nokre restar anten i Norge. Det heile enda med at eg fekk meg fleire meter til ein slikk og ingenting (det var jo eit utgått stoff), og stoffet kom frå andre delar av landet. Sørvis!



Men så var det slik at då eg fekk det heim, så dabba gleda av. Eg syntest ikkje stoffet var så fint likevel. Og slik enda det på loftet.

Så var det dei blå fretexgrytene mine som drog stoffet fram frå gløymselen. Og sanneleg var det blitt lekkert igjen. Ikkje sant?

Så no skal eg prøve å tvinge meg til symaskina mi for å få sydd puter til å ha på kjøkkenbenken. Så slik er det med den saka.

Me får sjå kva det blir til...

lørdag 9. januar 2010

Bolledag

I går då eg kom heim frå jobben, stod dette fatet med desse godsakene på kjøkkenbordet, huset dufta gjærbakst, kjøkkenet var reint og ryddig og ungane leika roleg oppe på romma sine.



For ein flying start på ei helg.
Og slik kan ein ha det når mannen innimellom har fri på jobben.



I tillegg til dette, og det var vel det som var hovudårsaka, kan eg tenkje, så hadde eg kvelden føre vore og kjøpt inn ein Kenwood kjøkkenmaskin på sal. Sjølvsagt ville eg også hatt ein tøff Kitchen Aid-maskin, men med ein mann som likar motorkraft og styrke, (og som i tillegg er meir glad i å bake og lage mat enn eg er), så måtte designet vike. Eg kan godt vere med på slikt, eg.



Og når takkegåva blir slike prinsesseboller som dette i ein prinsesseheim, så tenkjer eg ikkje meir på det ein gong.

I går blei det bollefest i heimehuset slik dei har bollefest i pulverhuset til Pulverheksa.
Har de lese bøkene om henne forresten? Dei er herleg lesing for små og store.

Ha ein god laurdag.
(Undrar på om det ikkje blir noko matproduksjon i maskinen i dag også eg...)

mandag 16. november 2009

Det nærmar seg

Det blir lite hyttehus her inne for tida. Saken står nemleg på vent, og me kan ikkje vere i huset no fordi det er for kaldt. Me har rive vekk desse lyse veggane på biletet og no er det berre mørke panelte veggar som står att. Nye vindauge til heile huset er bestilt og i januar blir dei skifta, huset isolert og ny kleding kjem på. Det nærmar seg noko. Spennande.





Dette biletet er frå i sommar. Og dette er den eine stova utanfor kjøkkenet. Eg vil gjerne rive veggen inn til kjøkkenet og no driv eg og vurderer om me skal ta vekk heile veggen eller la litt stå igjen. Eg tenkjer kanskje at me set opp ein kjøkkenbenk som går der kor veggen (og minisofaen) står i dag. Så kunne me hatt ein god sitjebenk inntil kjøkkenbenken på stovesida. Det er litt digg å ha selskap når ein romesterer på kjøkkenet, for praten si skuld, ikkje sant...


Ja tankene flyg, meiningar endrast og ting tar tid.
Det er vel slik med store prosjekt.


No må eg rette stilar, sukk.
(Dette var berre eit døme på at tankar flyg når ein sit og skal til med noko kjedeleg. Lærarar er ikkje betre enn elevar der, he he. Iallefall ikkje denne læraren.)

Ha ein god dag!

søndag 27. september 2009

Så har eg vore på Fretex igjen

Det er noko med at loppiskjøp ikkje er for alle. Nokre stader i landet finst det loppisar ofte, andre relativt sjeldan. Eg trur eg bur i eit område med relativt sjeldne loppisar.

Iallefall får ikkje eg dei med meg. Eg synest de andre drar på loppis rett som det er, mens eg må nøye meg med nokre mils kjøring til eit Fretex-utsal.

Og når ein investerer i ein slik køyretur (med små born er tidsinvesteringa dyrebar), så er det naturlegvis ekstra fornøyeleg å kome heim med noko.

Det gjorde eg her om dagen. Faktisk fleire ting. Og tidsinvesteringa vart dermed ei god investering.



Fangsten hamnar rett i såpevatn når eg kjem heim. Eg må liksom få alt reint før eg kan nyte. Og nedi her skjular det seg altså noko eg diggar...

Det er Figgjo eg snakkar om. Her på vestlandet er det ikkje vanskeleg å hamne borti Figgjovarer. Men dei er som oftast svindyre på Fretex. Fretex veit nemleg kva som rører seg rundt omkring. Og dermed blir det marknadskreftene som rår også der.



Om denne dama sjølv står på ein marknad, så var ho likevel eit unnatak. Ho var nemleg ikkje dyr, 15 kroner. Eg snappa henne til meg straks.

Litt meir måtte eg punge ut med for denne pepparmøa her. Dei er ikkje lette å ha med å gjere...



Men pepparmø kan ho ikkje vere lenge, for i hælane hennar fulgte ein mann. Han kunne ikkje få augene sine frå henne. Og eg kunne ikkje få augene mine frå nokre av dei, så dei hamna i korga begge to.



Men det var likevel ei dame som trona øvst, og det var denne fornemme frua her.



Ho bedåra meg på ein augneblink. Eg måtte varsamt legge henne ned i korga mi, og eg var slett ikkje vond å be. Somme stunder går ting veldig glatt.

Og den fornemme frua har i dag sukra tilværet til alle her i heimen. Me hadde henne på grøtparty, og ho strødde om seg av det søtaste ein finn.




Det kom med fleire skattar frå Fretex denne dagen, men dei får eg kome tilbake til.



I dag var det svart-kvit-familien som blei presenterte.

tirsdag 11. august 2009

Oj oj oj

Javel, så kan det vere eg har øydelagt eit kamera til 12000 kroner. Kjempekult!

Eg har rett og slett latt det stå ute på eit bord etter ei fotoseanse i hagen for nokre dagar sidan. Etter det har eg leita litt, men ikkje sånn seriøst. Så i dag skulle eg reinske opp litt i visne blomar og slikt, og der, midt mellom tomatplantane mine stod det, med dogg inni linsa.
Oæh, tenkte eg, skunda meg inn (som om det hadde utgjort ein forskjell) og sette det ifrå meg. Deretter gjekk eg til mannen min og sa eg hadde ein trist bodskap. Han blei alvorstung med det same, og eg måtte raskt seie at det berre handla om ting, altså. Då blei han litt lettare, men stod avventande. Det er nemleg hans kamera og han som kan kamera. Så sa eg det var kameraet...
Javel, var det vått, spurde han. Det står på pianoet, svarte eg og begynte å rydde på kjøkkenet... Så gjekk han bort og fikla litt med det, demonterte nokre delar og no står det altså til tørk. Me kan ikkje anna enn håpe på det beste.

Derfor kan eg ikkje ta bilete no.

For tida tenkjer eg på kjøkkenet i hyttehuset. Eg blei så fasinert av det gule kjøkkenet i siste nummer av Rom123. Det var så sommarleg og energirikt. Eg er berre redd eg blir fort lei det.
Elles synest eg dette er fint:




Alle foto: Livingetc

Ha ein god seinsommardag.