Hylla på kjøkkenet har fått ein ny kopp som stod på Fretex og venta på meg i forrige veke. Eg har nemleg gode kjensler for emaljekoppar sidan me berre hadde slike på ei hytte i barndommen som eg har så gode minne frå. Den gongen var koppane raude og brune, men dei hadde nett slike blomar som denne blå her. Derfor hoppa hjartet mitt over eit slag då eg såg koppen stå og vente på meg. Eg leita etter fleire, men nei.
Desse emaljekoppane er faste heimelaga-saft-koppar, og det er kjekt med ein ny. Dei andre er frå IB Laursen.
Dette er eine veggen på kjøkkenet, den som går ut mot gangen. Døra har tavlemaling, men berre eitt strøk, så ho er enno ikkje tatt i bruk sjølv om dette eine strøket kom på i fjor...
Me har hatt mange fine veker i hyttehuset, denne sommaren med stor vekt på hage. Drenering og planering tek tid og krefter. Og så pausar me litt med kos med barna, turar (dei to eldste jentene drog med faren sin til Preikestolen førre veke medan eg tok minstejenta på ein mindre krevjande tur), bibliotek (på dei grå dagane), bading etc. (Og så meklar me når ungane går i totlevase saman (les:kranglar). Det er ikkje til å stikke under ein stol at slikt skjer, he he.) Innimellom drar me heim for å klippe plen og ta turar innom Fretex etc. Når hytta ikkje er så langt heimefrå, går slikt an.
Og på ein heimetur var eg inniom Ikea og såg ei lampe eg berre må ha når nye pengar kjem inn på kontoen. Ho er enno ikkje komen på websidene, men eg trur ikkje eg vil vere åleine om å falle for henne. Eg drøymer om å lage ein tøff arbeidsplass her heime også, og der skal ho i så fall få vere. Akk ja.
Nye dagar kjem, me er litt her og der. Så får me sjå.
Gode kvelden til dykk!
Så søt, så søt! Mange andre fine ting på hylla også :)Godt med gode minner!..
SvarSlettHedda
Så søt hylle, med fine ting på! Ser ut som dere har et deilig sommerhus :-)
SvarSlettFortsatt god sommer!
Klem, Turid
emaljekoppar er berre så nydeleg. den blå med blome på er eg sikker på at eg har sett før...kanskje sjå farmor... :)
SvarSlettgod sommar vidare til deg!
-klem
Ein søt kopp på ein fin kjøkkenvegg! Tavlemaling er alltid kjekt...
SvarSlettTakk for fine ord på bloggen til meg, ynskjer riktig god skulestart til deg òg.
Klem