Viser innlegg med etiketten Ute. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Ute. Vis alle innlegg

torsdag 30. juni 2011

Terrassebeis - juhu

Etter mange år med laber interesse for vedlikehald av terassebord hos oss, har me no kasta oss ut i det og fått beisa. Det einaste me har gjort i fem år er å vaske vekk grønske. Og derfor er me ekstra glad for det supre resultatet.


Fargen er den lysaste me fann, naturkvit (red: etter nærmare ettersyn heiter fargen gråhvit), og me blei nesten fraråda denne fargen av malarforretninga då dei hadde hatt så mange som hadde kome tilbake fordi det heile blei for lyst. Me er ikkje der, tvert om er me strålande fornøgde. Lyse terrassebord passar utmerka til det mørke huset vårt.


Fargen er nesten som bleikna teak når ein samanliknar.
No ventar me berre på det fine veret som tillet oss å bu ute. Håpar det kjem snart. (Ute smilar faktisk sola no, så kanskje eg skal ta meg ein god kaffi nettopp ute? Eg er så glad i dag også, for nokre herlege Fretexkupp har funne vegen hit.
Gode dagar!



tirsdag 14. juni 2011

Framdrift på fleire plan

Denne helga tok eg med meg symaskina og alle lappane eg hadde gjort klare for eit lenge planlagt lappeteppe til hyttehuset. Det skulle vere ei skikkeleg kosehelg.


Og her har eg den gode kjøkkenbenken som klippe- og strykebord,


  og spisebordet til sybord.


Lappane blei lagt utover golvet med god assistanse frå dei to eldste jentene. Dei skulle passe på at like lapper kom i passande avstand frå kvarandre. Og dei gjekk inn i jobben med stor iver og interesse.  


Her er det ferdige teppet klart ute på benken. 
Minstejenta betraktar Formfulle Frida som har teke plass på benken. Ho er sydd for lenge sidan.
 Eg blei kjempenøgd med mitt første lappeteppe. Det er ganske stort og i favorittfargane mine.


Og baksida er eit vatert sengeteppe med silke under. Dermed blei lappeteppet tungt og lunt.
Jepp, det var noko av helgas aktivitet hos meg. Av andre prosjekt så har eg spadd på meg eit vondt kne i iveren etter å flytte jordmasse for å jamne ut noko terreng slik at me får ein fin sitjeplass ute. Jorda ar bearbeida, plenfrø er sådde i. Her er området slik me forlot det. Forhåpentligvis blir det grønare om nokre veker.


På nivået nedanfor, skal eg ha ein hageverkstad med arbeidsbenk, krukker og ein godstol.

Så får de nyte juni, sjølv om han ikkje gir mykje varme her hos oss!

mandag 6. juni 2011

Nestensommar

Så var denne langhelga over. Nydeleg ver og landlege omgivnader er balsam for sjel og kropp. Bibliotektur kjennest nesten som luksus for tida, men slikt blei det også tid til. Etter dreneringsarbeidet er det nok å gjere utanfor hyttehuset. Me drog inn på jord og grus, men slikt høyrer vel til, tenkjer eg. Bilete frå slike jordhaugar er berre interessante for oss som står midt i dei og deltek i kvart lass som blir flytta. Derfor utelet eg dei her.

Det litt meir lystige er bilete av sol og reinare forhold. Eg laga meg eit lite utekjøkken av ei gammal bokhylle måla i pastellgrå farge. Dermed kunne eg stå ute og lage salaten.


Og veit de, eg har vore på kurs i tomatskjering. Ikkje visste eg at tomatene helst skal skjerast midt på, og ikkje gjennom stilkeauget.


På den måten held inmaten seg fastare til tomatkroppen (ja, eg er ikkje kokk og veit dei rette uttrykka for diverse matdelar, he he). Og det stemmer. Eg har prøvd utallige gonger no, og teorien held. Berre prøv.


Så var det klart for måltidet, he he. Grilla pølser. Når pappa er på jobb, gjer mamma det enkelt i solsteiken.


Det blei bading i basseng, lesing i godstol (Sommeren uten menn av Siri Hustvedt), graving i jord, såing av plen, oppsetjing av gjerde etc. Men alt i slike omgivnader at det heile berre følast som ferie. Gjett om eg gler meg til den endelege og etterlengta SOMMARFERIEN?