Det litt meir lystige er bilete av sol og reinare forhold. Eg laga meg eit lite utekjøkken av ei gammal bokhylle måla i pastellgrå farge. Dermed kunne eg stå ute og lage salaten.
Og veit de, eg har vore på kurs i tomatskjering. Ikkje visste eg at tomatene helst skal skjerast midt på, og ikkje gjennom stilkeauget.
På den måten held inmaten seg fastare til tomatkroppen (ja, eg er ikkje kokk og veit dei rette uttrykka for diverse matdelar, he he). Og det stemmer. Eg har prøvd utallige gonger no, og teorien held. Berre prøv.
Så var det klart for måltidet, he he. Grilla pølser. Når pappa er på jobb, gjer mamma det enkelt i solsteiken.
Det blei bading i basseng, lesing i godstol (Sommeren uten menn av Siri Hustvedt), graving i jord, såing av plen, oppsetjing av gjerde etc. Men alt i slike omgivnader at det heile berre følast som ferie. Gjett om eg gler meg til den endelege og etterlengta SOMMARFERIEN?





Høres ut som en perfekt langhelg!
SvarSlettHerlige sommerbilder! Så hyggelig :)
SvarSlettKlem, PiPa