Kvardagane som har gått har mellom anna resultert i eit nokså ferdig gjesterom eller arbeidsrom for mor sjølv i hyttehuset. Her kan eg sitje og gjere førebuingar og etterarbeid til lærargjerninga mi. Kjekt med trivelege omgivnader når slikt arbeid blir for trøyttande. Rommet er lite, men kom inn så skal du få sjå...
Me har tapetsert ein vegg med eit tapet som eg synest er herleg nostalgisk og som er kjøpt på Retrovilla.
Når me får gjester (mellom anna ei herleg tante som brukar mykje tid med oss og ungane våre), så kan dei liggje her. Og dei ligg heretter på ei palleseng. Riktignok skal det kome hjul under pallane, dei er innkjøpte, men ikkje påskrudde. Eg var innom Ikea for å få fatt i, men dei hadde slutta å selgje slike no...? Heldigvis fann eg hjul på Clas Olsson.
Det strikka sengeteppet fann eg på Fretex, og fargane passa perfekt til meg. Her er det gjenbruk av det meste. Nattbordet har vore ein knall rød krakk frå ei bestemor, skrivebordet er frå svigermor, rya er frå Fretex, stolen frå Finn...
Her skal eg sitje ein del, tenkjer eg.
I den tankefulle veka har eg fått sydd litt også. Denne posen har kome til...
Med ein viss fare for overdriving av det småmønstra...,
eg diggar det!
Medan eg sat med symaskin og radio prøvde eg meg også på mi første liftgardin.
Etterkvart skal det inn litt puter og nokre kontorting.
Slik går dagane framover. Det er godt å gjere noko med hendene når ein er litt utafor.
Håper det går godt med dykk alle.












For et koselig og lyst rom dere har laga til.
SvarSlettFlott med gjenbruk,,,,det liker jeg,,,og så får en en god følese av å kunne bruke noe gammelt,,,male det litt og så blir det så fint....bra jobba.
Kos deg videre i ferien.
Anne
Tusen, takk for klemmen <3 :). Jeg trengte den.
SvarSlettSkikkeleg fint gjesterom/kontor du har laga! Knallfin den posen du har sydd, og ulike småblomstrete mønster saman blir aldri feil!
SvarSlettSer at du kan både kose deg og jobbe der...Ha ein fortsatt fin kveld. Klem frå Noralill...