Viser innlegg med etiketten Huset før. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Huset før. Vis alle innlegg

søndag 22. august 2010

Før, og litt etter

Eg kan ikkje skrive etter i normal forstand, for me ha framleis mykje ugjort i hyttehuset. Men det er no framsteg å vise til, om ikkje anna. Her er eit bilete av entreen vår før. Dvs. me var godt i gang fordi me hadde rive mykje tapet og fjerna mange spikrar, men likevel ikkje malt skvetten.


Så har me i sommar malt veggane og nokre av dei gamle møblene som stod i huset. Spegelen og bordet under her var i lakka furu, spegelen med fuktskader. Dei blei pussa, grunna og malte. Eg synest dei blei ganske fine, eg. Og så har veggane fått seg nokre strøk med maling. Dørlister og slikt står på gjeremål utover hausten. Men det kjem seg.


Og så var det over til stova. Her er eit nesten før-bilete. Tapet er rive vekk etc. Og me er i ferd med å skulle fjerne veggen mellom eine stova og kjøkkenet. Dette her skal vere eit allrom.


Og i sommar har veggar, møbler, kjøkkenskap fått maling, benkeplata som var eldgammal og altfor låg har blitt ny. Mykje gjenstår, men mykje er sanneleg gjort også.


Eg er på jakt etter ei passande kjøkkenøy som skal stå der den lyse krakken står. Anten må eg finne ei tøff mobil ei, eller så må eg kjøpe meg ein meir fast modell frå Ikea. Då vil det bli med to skuffeseksjonar i, tenkjer eg. Men her er eg ikkje sikker på kva eg vil enno. Me må iallefall ha litt meir benkeplass.

Av større arbeid har me igjen golv og tak i andre stova, golv og tak i entréen, dører, lister, isolering fra kjellaren og opp, installasjon av vedovn, reparering av pipe... akk ja. Det blir visst ein totalrenovasjon av det heile.

Men så skal me jammen meg skamkose oss etterpå. Det gler eg meg til.

Gode kvelden!

søndag 6. september 2009

Kvitmale alt, eller ...?

Me har ein stor jobb foran oss i hyttehuset, men me må ta det i små skritt.
Alle veggane der er tapetserte og malte fleire lag. Og me hadde vel sett føre oss å gå gjennom kvart rom med tapetfjernar i form av ein steamar. Ein nitrist jobb, om eg får seie, for det har me nemleg gjort i hovudhuset vårt. Og me var slett ikkje sikre på kva me skulle finne under.

Men så var det ei stor glede som møtte oss då me friskt starta på gjesterommet. Sjå denne flotte treveggen som kom fram:



Og det blei ingen steamar på oss. Sidan huset ikkje er isolert, så er det spikra opp papplater som er blitt tapetserte. Og dei gjekk det an å rive ned utan problem. Eg og mannen blei så glade!

Her under er det meste fjerna, litt smårusk i hjørner og ved lister, men sidan me skal skifte vindauge i heile huset i vinter, så tar me resten då.



Den lille veggen ved døra som går ut mot gangen, er ikkje trevegg, så her må me tapetsere, men det er jo inga sak.

Me har då eit stort spørsmål med tre alternativ:
1. Skal me male alt kvitt (som opprinneleg plan var)?
2. Skal me kvitbeise alt for å vise den flotte treveggen?
3. Skal me male fleire veggar kvite og så kvitbeise ein vegg?


Eg byrjar tenke meir og meir på alternativ tre, for det gir jo litt liv til romma. Viss det er så flotte treveggar i heile huset, kan det jo vere greit med noko som skil seg forsiktig ut.
Me undrar kva me skal gjere.
Kva hadde du gjort?

onsdag 5. august 2009

Stova - før

No har me vore i hyttehuset igjen. Og det er lite framgang som visar. Men no er alle borebillene i kjellar og loft drepne, heldigvis. Det var ein del av dei... Og ein god del møbler var óg infiserte. Så det blei nokre darlingar på bosshaugen, men men. Nokre prøver me å redde også ved å smøre dei inn med middel sjølv.

Og så er det tre byggmesterar som skal gi tilbud på nye vindu og kledning + isolasjon på huset. Omfattande greier dette, men eg trur jo det blir kjekt etterkvart då.



Mens alt dette pågår, så vandrar no eg litt til og fra, passar barn, lagar mat (kjønnsroller...kremt) og tenkjer. Eg tenkjer ganske mykje, skal eg seie dykk. Eg tenkjer mellom anna på korleis stova skal bli. Ovanfor er situasjonen per i dag. Ein svart Ektorpsofa kjøpt gjennom Finn, ein burgunderraud stol frå dødsboet eg var innom for ein månad sidan, og den blå gyngestolen er frå eksen til mannen min, he he. Eg likar han godt, eg.



Her er lampeskjermen frå Ikea som var på tilbod og ein gammal lampefot eg hadde då eg var jente. Over den burgunderraude stolen ligg eit strikka teppe i sennepsgul farge. Passar godt til lampa, men eg likar det eigentlig ikkje så godt. Det var mor mi som vann det på ein basar ein gong. Og gardinene er hengde opp førebels. Dei er frå dødsboet dei óg.

Under her er grusomkroken. Kjøpmannsdisken stod igjen i huset, men er no på veg til maling i kjellaren. Han skal bli kvit og plasserast på jenterommet. Og så er eit gammalt eikeskap frå mor mi no blitt kvitt og skal få denne plassen. Bilete kjem seinare.



Og så vil eg med tida bytte om Ektorpsofaen med ein hjørnekarlstad for å få eit meir moderne uttrykk.

Så gjenstår fargane då... Kva i verda skal eg finne på?

Herleg retrogalskap eller roleg harmoni? Eit sommarhus må vere lyst iallefall, lyst og luftig, men gjerne leikent! Helst leikent, ja!

onsdag 22. juli 2009

Eg treng råd

Det er ikkje det at eg har så mange lesarar, men eg prøver meg likevel på å legge ut eit spørsmål her.

I hyttehuset vårt er det to stover, ei spisestove og ei gammal finstove. Mellom dei er det skyvedører. Kjøkkenet ligg vegg i vegg med spisestova. Eg grublar for tida over om me skal slå ut denne veggen mellom spisestova og kjøkkenet. På bildet under (ikkje legg merke til kaoset som rår for alt er foreløpig kaos) vil det seie veggen til venstre der de ser litt av døra til kjøkkenet. Det vil ikkje vere mogleg å fjerne heile veggen, for inst i kroken til venstre (ser det ikkje på biletet) på veggen mot kjøkkenet står ein liten ovn. Men frå døra og ut til veggen med vitrineskapet (som må bli kvitt, naturlegvis) kan det vere mogleg å fjerne veggen.

Under er kjøkkenet sett frå døra. Det skal også bli kvitt.


Eg ser vel føre meg eit allrom med ei kjøkkenøy der veggen står i dag eller noko slikt.
Er det nokre vene sjelar her inne som kanskje kunne meine noko om dette eller som har lenker til bilete med inspirasjon? Eg tar alltid best val når eg har vurdert fleire perspektiv.
Mange tankar, ja. Det er iallefall sikkert.

lørdag 18. juli 2009

Kjøkkendraum

Eg svømmer rundt i draumar.
For draumane er det som er mest verkeleg når ein sit ein stad unna det huset en har draumar om og planar for. Og så er det så mykje å gjere at eg ikkje heilt veit kor me skal begynne. Eg har nemnt soverommet tidlegare. Det har første pri. Og snart tar me fatt på tapetfjerning og penslar.

Men tankane mine driv vidare, naturlegvis. Dei stikk innom dette kjøkkenet også.



Eg vil ha det lyst. Eg vil ha kvite skap og veggar, og så vil eg ha det luftig og lett.


No er det ganske mørkt. Og benkeplata for lav for både meg og hyttemannen.
Her er noko eg syns er fint. Det treng ikkje vere umogleg å få til noko liknande.

Eg snakkar ikkje om ny kjøkken. Det blir på eit anna budsjett. Men det gamle kjøkkenet kan bli ganske godt med litt oppussing. Glasskapet på bildet over er fint. Eit anna alternativ til glassdører er å fjerne dørene og ha hyllene opne. Då kan det bli som dette:


Eg hugsar godt at mor mi tapetserte kjøkkenskapa heime. I grunnen syns eg det er litt styr, men eg er ikkje sikker. Kvitmalte trehyller er også flott.

tirsdag 14. juli 2009

Planar for barnerommet

Her er barnerommet slik det ser ut i dag. Dette blir det rommet som får første arbeidsøkt av mamma og pappa. Dei andre romma er malt i kvitt, så det hastar ikkje så mykje. Men barnerommet er okergult, og det kan eg ikkje leve med særleg lenge.


Her skal veggane bli kvite. Aller helst skal me fjerne glassfiberstrietapetet, men me må sjekke kor fast det sit. Viss det går greit å fjerne det (og me på eit vis har forsikra oss om at det er trevegg under), så skal den malast kvit. Huset er ikkje isolert (enno), så det kan bety kalde netter, men sidan dette er ein fritidsbustad, så ordnar det seg.
Kvite veggar, altså. Eg er meir usikker på golvet i heile huset. I andre etasjen er det det opprinnelege tregolvet som er framme i dagen, og det kan eg like. Det eg derimot er usikker på er om det skal bli kvitt, ein gråkvit farge, eller om eg skal kvitbeise det og lakke etterpå med matt lakk.Førebels hellar eg mest til kvitbeising, for det er lettare å gjere om om eg skulle forandre meining. Og så likar eg godt lyst tre.
Vel, inne på dette rommet skal to små jenter bu. Det står i dag ei diger køyseng med tre soveplassar (ein oppe, to nede), men eg vil ikkje ha ho for ho tek for mykje rom. Om ikkje golvplass, så luft og lys. Eg vil ha enkle senger langs veggen under det eine vindauget (det til venstre), og så får eg sjå kva det blir til etterkvart. Det er jo ikkje klart kva møbler me skal ha med oss heimefrå.
Og så må jo småjentene få meine litt...
Det kan bli interessant.
Lille K likar rosa og lilla, mens lille L likar grønt!
Blafre kan vel tilfredsstille alt det der, he he.
Dette blir spennande.

mandag 6. juli 2009

Vinduskroken

Denne kroken trur eg kan bli kjekk. Her er vindu mot grønt og ei elv, og det gir ei herlig kjensle å sitte her og berre kikke, se eller tenke. Ein liten tenkekrok.


Denne korgstolen kjøpte eg på Fretex for sikkert 20 år sidan no. Då kosta han 150 kroner. (Litt dyrt på den tida.) Han har stått på eit barnerom heime med raude marihøneputer i), men har no fått ny bustad. Siste vinter hadde eg han ute på ein altan for å gjere han meir verslitt og grå.
Kanskje eg vil male/spraye han etterkvart. Det blir vel kvit då, for det er ein gammal gyngestol som skal bli høgglansa svart. Må ikkje ha for mykje av det, trur eg.
Vasen til blomane er ei gammal konjakkflaske som stod att i huset. Det finst ingen andre vasar der enno. Og den kvite lykta har eg kjøpt på Coop Mega denne sommaren. Syntes ho kunne passe i hyttehuset.

Omfattande restaurering

Me har vore i hyttehuset i helga. Det kan vere slitsomt på dette tidspunktet. Ein sit og ser på alt som skal og må gjerast noko med, og så veit ein ikkje kor ein skal begynne, ei heller kor ein skal legge lista.




Det som ein takstmann har kommentert er følgjande:
  • alle vindu må skiftast
  • nytt bad
  • drenere rundt huset (fukt i kjellaren)
  • sjekke og evt. fornye kloakkrøyra i hagen
  • isolere huset (ytterveggar, golv, tak)
  • skifte kleding på huset etter isoleringa (kunne holdt i nokre år til)
  • reparere pipa (ikkje godkjend oppføring ut frå dagens krav)

Det som eg vil gjere er av ein heilt annan art, naturlegvis:

  • male alt kvitt, veggar, golv, møblar (nokre i svart og isblå også)
  • fjerne alle golvbelegg og få fram tregolvet
  • rive ein vegg mellom kjøkken og spisestove
  • delvis ny kjøkken (m.a. kjøkkenøy der kor veggen i dag står)
  • panele alle veggane inne (i dag er det plater og papp rundt omkring)
  • jevne ut hagen som er skarpt skrånande (me må jo ha gode sitteplassar ute når ein er på ferie)

Puh...

Orkar me å ta fatt? Har ikkje bestemt oss enno. Me får prøve huset litt før me tek avgjerda.