...og syr litt.
Me skriv august. Tida denne sommaren har flydd avgarde i ein fart eg ikkje har kunne notert meg iallefall. Skulen er i gang igjen, eldstejenta i andre klasse, dei to andre i barnehagen. Minstedokka vår har hatt oppstart denne veka, og det er herleg å konstatere at alt går godt.
Sommaren har i siste delen gått til malearbeid. Eg har vel aldri malt så mykje før, sjølv om eg alltid har malt og styrt i veg tidlegare. Me har malt veggar, golv, tak, kjøkken, krakkar, hyller, kassar, skap, speglar og slikt (alt skal jo vere gjenbruk). Er ein i gang, så er ein i gang! Eg har til og med kost meg, for radio er fantastisk selskap når ungane har besteforeldrer å vere med.
Og så har eg og mora mi sydd litt diverse. Gardiner er komne på plass i nokre rom. Her har barnerommet fått fargar. To skåp (det eine med ei for stor dør og det andre utan) fekk forheng. Det er slike store skåp som ein kan gå inn i, og jentene her har leika prøverom. Inni skåpa heng det ein stor spegel, kjolar på hengjarar og anna tøy i hyller. Så kan små frøknar stå der inne og kle seg som det passar.
Her er blomstrande barneromsgardiner. Til kvite veggar og med steikande sol utanfor er dei midt i blinken for små glade jenter.
Det er to store vindauge på rommet, og mellom dei vandrar nokre skjønne elefantar fortrylla av
ein fe i Stavanger. Passa dei ikkje godt til gardinene?
Inne på gjesterommet finn ein meir dempa gardiner. Desse har lyse blå striper med litt turkist i. Det er godt med eit svalt rom å trekkje seg tilbake i. Mon tru dette blir mitt eige rekreasjonsrom etterkvart. Utanføre renn ei elv med herleg brus, så forholda ligg iallefall til rette for sjelepleie.
Nede på kjøkkenet i 1. etasjen møter ein no litt meir farge, men gardinene er ikkje klare. Her skal eg ha kvite liftgardiner i linstoff. Trur det kan bli bra. Og dei gamle blå flaskene mine frå studietida har fått kome fram igjen. Blått er godt!
På dette biletet er nokre av småprosjekta. Hylla har vore brun, fatet øverst på det var trekvitt, det har no fått maling og tapet. Likeeins med krakken nedanfor som var knallande raud. Dei to gule vasane fann eg på ein loppemarknad og eg fekk nokre rare blikk frå folk. Inne i ei noko mørk låve såg dei mindre spreke ut. Eg diggar dei! Og medan me først er inne på den loppemarknaden, må eg få vise dette kuppet:
Denne stålkorga er opprinneleg ramma rundt ein vindunk/-ballong, noko eg er mindre interessert i. Eg fekk både korga og ballongen for 150 kroner. Jippi. Korga her er noko rusten enkelte stader, så om eg skal ha pleidd i henne,må eg kanskje male med litt hammarlakk.
Ja ja, mykje gjenstår enno, men me har hatt fine veker i hyttehuset vårt. Og fleire turar står for dørene.
God kvelden til dykk!