
Men det blir alltid jul til slutt likevel.

Oppi alt rotet finn ein små ting ting som likevel minnar om at julen står på vent nå.

Adventslyset vårt brenn me nesten kvar dag. Og når me har gløymt det ein dag, brenn det nesten heile dagen etterpå. I dag kjem augene til engelen å forsvinne. Litt kjedeleg når dei fine motiva forsvinn. Kanksje det burde ha vore vakre motiv heilt nederst også, slik at når ein nærmar seg jul, så dukkar det opp noko vakkert i botnen av lyset. Men me kosar oss no likevel då. Lys midt på dagen er så herleg på denne årstida.

Førre dagen kom soppelampa eg bestilte hos Sprell på døra. Dei tilbyr dør til dør-levering for ein tier ekstra no, og det er reine luksusen å få kjekke pynteting levert slik. Soppelampa har slikt eit koseleg lunt lys, men på bileta kjem det ikkje fram.
Så oppi travle førjulsdagar i ein barnefull heim, er det berre å sile ut kva ein vil sjå på og ta til seg. Det treng ikkje vere kaotisk sjølv om det ser slik ut, ikkje sant.
Me kosar oss me, og det håpar eg de også gjer.
Eg kosar meg stort med alle dei vakre bloggane eg les.
Så mange fine og artige ting du ar;) Kjekt å høre at det er flere som lider av kaos fremfor julekos! Sakte, men sikkert faller ting på plass, og det eneste som er 100 % sikkert; JULEN KOMMER UANSETT! Og godt er det, både liten og stor gleder seg til juleferie. Kjempeartig med de soppene! Har ikke sett noen sopper her i distriktet...
SvarSlett