tirsdag 29. desember 2009

Louis Poulsen-lampe

I dag stod eit nytt Bolig Pluss og gliste til meg i bladhylla på butikken. Eg lot meg straks sjarmere, naturlegvis. Enkelte ting krev liten motstand. Og eit nytt blad etter jul der julen er over, er alltid herleg når ein blir litt metta på gull og sølv og rødt og glitter.




Eit kjekt blad også denne gongen. Og eg fann ein reportasje der Louis Poulsen-lampane hang overalt.
- Jøss, tenkte eg. For eit depot.



Og så vandra tankane mine sakte innover i hjernemargen min, for eg fekk då forsynemeg også fatt i ein brukt Poulsen-skjerm då er var i Nørrebro i Køben i oktober. Den hadde eg gløymt ut. Eg hugsar han låg på ein stol utanfor ein brukthandel og berre venta på at eg skulle ta han med til Norge. Eg var jo ikkje vanskeleg å be, og dei 350 kronene han kosta betalte eg gladeleg. Denne skjermen måtte eg finne fram då eg hadde lese bladet.



Saken er berre at eg gjerne ville hatt han svart. Så det må eg gjere noko med. Eg er usikker på kva som er smartast å gjere både med tanke på kor fin han blir og kor dyr han blir. Eg vil ikkje betale for mykje, men eg anar ikkje kva det kostar å få han lakkert. Og så veit eg ikkje kor vellukka det er å spraye sjølv. Høyrer gjerne frå nokon erfarne her...



Til og med i verkstaden heng han på rekke og rad i dette huset. Tenk det. Slike høve blir det nok ikkje her. Eg er stornøgd med den eine eg har.



Førebels veit eg ikkje om han får plass her i heimen eller i hyttehuset. Det får tida vise.

3 kommentarer:

  1. Nå ble jeg jammen fristet til å ta turen til butikken for å fylle på med ny inspirasjon, begynner å bli mettet på juleinteriørbladene mine! Kul lampe!

    SvarSlett
  2. Hei!
    Jeg er en ivrig sprayer, og kan anbefale å gjøre det selv. Kjøp en skikkelig spraymaling, på Jernia eller i en ordentlig fargehandel (har prøvd rimelige alternativer og det er pyton), og spray i flere tynne lag. Med armen i konstant bevegelse.
    Jeg har sprayet masse gamle saker og er superfornøyd!
    Lykke til!
    Koselig blogg du har!
    Marlene

    SvarSlett
  3. Herlig, fant en sånn her (hvit) i en container i går..! Med ledning og det hele! Mente jeg hadde sett den et sted før og da jeg googlet Louis Poulsen kom denne bloggen opp. Ganske fornøyd jeg nå med mitt lille kupp! :D

    Fikk du noen gang sprayet din sort..? Har akkurat sprayet en hel haug av mamma sine gamle messinglamper, ser ut som de koster mange tusen kroner der de står i helblank sort med nye grå/sorte skjermer!!

    Smil fra Anne

    SvarSlett