Viser innlegg med etiketten jul. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten jul. Vis alle innlegg

lørdag 10. desember 2011

Midt i julestria...

fór me til hyttehuset forrige helg. Det var klart for ei bursdagsfeiring, og me ville vekk litt frå kvardagen.


Det er noko med lyset her, det er mykje lysare i hyttehuset enn i heimen, og akkurat i desse mørke tider kjennest det ekstra godt med det lille ekstra lyset. Hyttekjøkkenet er godt gjennomlyst, og eg synest det er fint, eg. Det gule sommarteppet måtte skiftast ut med eit anna for å fjerne litt av sommarkjensla akkurat no. Men huset framstår ikkje akkurat i juleprakt, he he.


Vel, litt jul blei med heimefrå. Nemleg desse nydelege kremmarhusa Borghild har sydd og som eg fall sånn for. Pastelljul i spisekroken vår.


Og så glimta sola plutseleg til og ga stova ein glød eg berre måtte fange med kameraet.



Postkontoret til jentene, kor dei leikar heftig kvar gong me er her (dei skriv brev og sendar rundt om i huset) blei denne helga endra til juleverkstad.


Minstemor i aksjon.


Julerose var resten av julepynten, og ho var ei gåve til bursdagsbarnet som ikkje var meg eller ungane. Planten er superkjekk ettersom han kan plantast ut seinare og blomstra tidleg tidleg på året.


Ja, og stjerna, sjølvsagt. Denne stjerna er frå oldemora mi, og ho har no fått fast plass i hyttehuset. Her hang ho som heime hos oldemor, så her skal ho få skinne og minne så fint.

Men no er me heime igjen, klare for dei siste innspurtsvekene før jula.
Måtte dei bli gode for einkvar...

lørdag 1. januar 2011

Eg gler meg til våren

I romjula var me nokre dagar i hyttehuset vårt. Der skein sola, ungane rann på kjelke, akebrett og ski, eg las og gjorde lite, mannen likeså. Men det var nokre fantastiske dagar i ei elles mørk tid. Eg måtte fange nokre bilete av sola, for eg blir så glad av å sjå henne.


Her heime kjem ho ikkje så godt fram på denne tida, så ho er sårt savna. Men i hyttehuset vårt dansar ho på altanen heile dagen. Ja, faktisk opna eg altandøra for å kjenne på henne, for å trekkje inn frisk vinterluft ispedd glade solstråler. Og det var ikkje berre eg som var fascinert...


Minstejenta her på 2,5 år syntest det var spennande, men bitande kaldt.
Det er likevel godt å lufte skikkeleg ut før me fyrer opp i ovnen.


Eg gler meg rett og slett til våren, eg. Julepynt skal pakkast vekk i morgon, andre fargar inn. Primula er tradisjon. Og dei kjem nok inn i butikkane denne veka, tenkjer eg.

Det skal bli godt med kvardagar no. Eller kva?

Forresten: Godt nytt år!


fredag 24. desember 2010

God jul!

Då er eg ein snartur innom for å ønskje alle dykk som inspirerer meg ein herleg og vakker jul. Og det gjer eg med små bilete av Krakowenglane mine som høyrer til på treet vårt kvart år. Eg kjøpte dei eit år eg hadde med meg klassen min til grufulle konsentrasjonsleirar. Dei blei ein etterlengta kontrast den gongen, og dei betyr mykje for meg. Mellom anna minner dei meg om flott ungdom som blei historiemedvitne, som opplevde å kjenne takksemnd for det livet me er så heldige å få leve.


Så legg eg ved bilete av litt annan pynt, noko heimelaga og noko innkjøpt i år. Eg synest det er kjekt å la juletreet bli rikt på innhold av ymse slag. På den måten trekk me minnene og historia med oss framover.


Nyt julehelga!

søndag 19. desember 2010

Oldemors peppermyntekuler

I dag har me starta på farmora mi sine peppermyntekuler. Dei blir heretter heitande oldemors peppermyntekuler. Ein må la barna få eit forhold til kven dei kjem ifrå, og då blir det enklast med deira utgangspunkt.
Desse peppermyntekulene har fulgt meg sidan eg var liten, då elska eg dei. No er eg litt mindre gira på peppermyntesmaken, men ungane her er annleis. Og godt er det. Då kan me nemleg fortsetje tradisjonen.

I morgon skal kulene dyppast i sjokolade og evt. kokos.

Medan jentene i heimen laga desse kulene, fiksa pappaen kakemennene.


Eg diggar spesielt den forma med mannen med hatt og frakk, eller er det ei dame som ber noko? Eg fekk den og mange andre av ei gammal dame i fjor, og det er kjekt med former som ikkje er så vanlege i dag.

No ligg kakene til kjøling på benken mens små jenter ventar på smaksprøve.

Me er altså så smått i gang med baking. Litt seine i år, for me fann plutseleg på at me skulle skifte nokre soverom, male på nytt osb. To av jentene har overtatt vårt soverom, og det ga dei mykje meir plass. Då kan ein lage små krokar som dei kan opphalde seg i, og det likar dei godt. Her er sofa- eller lesekroken.


Den fine bambien er som dei fleste sikkert ser, frå Den gode feen sin Eplabutikk.


Oppussinga  tok tid, kan de seie, men no er såpass mykje på plass at me kan konsentrere oss om det neste: Julen.

Ha ei god innspurtsveke.

torsdag 2. desember 2010

Forsiktig jul

Eg nyt å lese andre bloggar og gler meg over stadig nye innlegg. Og så slår det meg at det er så mange superflinke bloggarar der ute at eg ikkje finn ord. Eg blir imponert over stilteften, iveren og pågangsmotet. Spesielt kjem dette til uttrykk når ein sjølv ikkje finn noko motivasjon over nett dette. Eg les bloggar opp og i mente, men har ikkje så mykje å kome med sjølv. Likevel storkosar eg meg i bloggverda. Tusen takk til alle dykk fine bloggarar som står på.


Her hos oss er desember ikkje berre ein travel månad i seg sjølve, men jobben er ganske intens på denne tida. De skal berre vite kor eg lengtar etter å ha frie ettermiddagar slik at eg berre kan kose meg, men ettermiddagane og kveldane her går til retting av elevtekstar. Det er den desidert tyngste delen av jobben min, og eg kjenner somme tider på ei lyst til å forlate lærargjerninga. Men åra går og eg blir. Så no er desember her igjen med jernhånd på fritida mi. Ja ja.

Eg fresar no likevel innom Fretex med jamne mellomrom og finn ofte kjekke småting. Denne sjiraffen her til dømes, han måtte berre bli med heim. No står han med sviblar og lys på stovebordet og kosar seg. Og så har eg funne fine raude lysestakar som skal kome fram om ei stund.


Og fleire dyr har kome inn i heimen. Dette rådyret (er det eit rådyr - he he)  står på pianoet med adventslysa. Eigentleg er eg lei heile pianoet. Eg spelar nemelg ikkje sjølv, men har eit ønske om at jentene mine skal ville spele på pianoet etter morfaren min. Det er over snart 100 år gammalt, frå 1909. Så det blir vel ståande, tenkjer eg. Kanskje eg skal øve meg på ein julesang...

Ja ja, litt sludder her, men iallefall ein lyd.

God helg til dykk alle! Eg gler meg til å sjå oppdateringane dykkar.

torsdag 24. desember 2009

No er me klare!

Då er det pinnekjøtt i gryta og riskrem inn i kjøleskapet. Kjolane heng klare (men kan ikkje tas på før snop og sjokolade er vaska av små barneansikt), strykebrettet er rydda vekk og Askepotts Tre nøtter rullar på TV.

Det er jul!


Nyt dagen!

onsdag 23. desember 2009

Dekk deg bord!

Gid eg kunne ha slengt ut slike kommandoar i dag. Eg skulle ha kommandert i aust og vest og sett framgangen frå sidelinja. Men slik er det ikkje. Dagen har vore lang med mykje å gjere. Eg er ingen superplanleggar av natur, så det blir nokre rundar i bilen for å hente heim det eine med det andre. Akkurat no er mannen hos svigermor si for å få ein saum på ein duk eg skal ha under glassplata på salongbordet mitt. Heldigvis trør ho til når det trengst.

I mellomtida har eg ikkje kommendert bordet å dekke seg, men dekka det. Det er no kjekt å dekke bord, då.



Denne jula går det i grønt og lilla rett og slett fordi eg fekk tilsendt nokre fine serviettar med rosa, grøne og lilletonar i. Då tillot eg meg å kjøpe inn desse glitterjuletrea frå Søstrene Grene. Dei set sitt preg på bordet, og biletet her yt ikkje rettferd.



Dei er enkle og billige, men guri kor effektfulle. Gutane får grøne trær og jentene lilla.



No blir det siste finpuss, mannen kjem inn døra med nysydd duk akkurat no, så då er det igang igjen. Heldigvis berre småtterier. For no er eg klar for fred i stova.



Ha ein herleg jul alle saman.

tirsdag 22. desember 2009

Engletreet

Førre innlegg handla om makaronienglar, dette innlegget handlar om juletreenglar.



Ja, eg liker englar godt. Og englesortimentet på juletreet aukar. Eg har ikkje utvida det i år riktignok, men det kjem litt etter kvart, alle med kvar sin historie.



Denne heimehekla engelen er frå ei kreativ tante. Eg synest han er så mjuk og vakker.



Så er det denne og dei neste to også, dei kjøpte eg i Krakow eit år eg hadde med meg ein klasse til Auschwitz.



Marknaden i Krakow er vidunderleg, og eg fekk med meg desse englane i ein kvit liten papirpose. Det må vere ni år sidan no om eg reknar. Den kvite posen er framleis med i julekassa.



Eg synest desse englane er så koselege og kvardagslege med lure glimt i ansikta.



Og så er det denne då, eldstejenta sin desiderte favoritt. Ho kunne nesten ikkje la vere å stryke på han medan me pynta treet i kveld. Han var det vakraste ho hadde sett.



Og eg trur ikkje historien til denne engelen er annan enn at eg fekk han til halve prisen ein romjul og syntest han var vakker sjølv. Men han kjem til å få ein finare historie med tida. Eg er nemleg heilt sikker på hennar beundring kjem til å gi engelen eit nydeleg innhald og vakre minne. Ho kan ikkje ta augene frå han. Eg hadde også vakre minne om delar av mor sin julepynt då eg var lita.

Akkurat det kjennest litt rart. At noko eg berre kjøpar inn, kanskje heilt tilfeldig, skal bety noko for ungane mine seinare. Det er litt sterkt, rett og slett. I år var også fyrste gongen eg fekk høyre at ho huskar ting frå i fjor. "Der er den. Og den der huskar eg også godt". Rart for meg, som må stoppe opp og tenkje over at eg er tradisjonsformidlar. Eg har ein annan stil enn mi mor, og det er den mine døtrer får med seg og som gir deira barndoms jul eit innhald.


Her er engletreet vårt. Og den observante vil kanskje sjå at det heng fleire Borghild-strømper på det. Dei skal fyllast med noko godt når tida er moden for det. Jentene meiner tida er inne no, men eg er ikkje einig ;-)
Ha god føreburing fram mot den store dagen.

mandag 21. desember 2009

Makaronienglar

Så er første dosen makaronienglar produserte. Og eg trur det blir med den dosen. Det blei 16 englar denne omgangen.



Eg har rett og slett ikkje laga makaronienglar på mange mange år, kanskje 15. Det har liksom ikkje blitt slik. Men no tok eg fatt etter å ha nemnt englane for jentene her heime. Då kunne eg ikkje trekke meg unna.



Vingelageret!

Og under her ligg dei til limetørk. Dei er igrunnen søte.



Eg likar normalt ikkje gull, men jentene her er opptekne av gull og glitter, og dermed var saken klar. På eit tidspunkt i livet kan dei tru at gull og glitter gir lukke. Dei skal tidsnok finne ut av sanninga.



Så no heng gullenglar i trollhasselen vår.



Neste dose eg lagar må få bli kvite, trur eg. Eg er liksom meir der. Men kva gjer ein ikkje for ungane... he he.
Ha ein god snøfylt dag.


søndag 20. desember 2009

Modig i dag...

Eg dristar meg til å leggje ut hyttehuset sine to pepperkakehus, ei modig avgjerdsle her i bloggland.



Desse to husa er teikna og steikte av meg, pynta av ein seksåring og ein fireåring, og limte saman av ingen ringare enn...



... kremt - meg. Ja, eg må jo vere litt audmjuk her, he he. Poenget er vel at nokre av platene blei litt for lite steikte og dermed sank litt saman etter liminga.
Og snopet - kor er det?
Oppete, sjølvsagt. Eg tillot jentene å ta kvar sin ting, og så vende er merksemda mi mot noko anna med den konsekvens at snopet blei borte. Hm, skremmande greier...
Ja ja, gleda er det viktigaste.

lørdag 19. desember 2009

Omsider litt jul hos meg også

Ja, dagane flyg avgarde og me heng med så godt me kan. Eg merkar at eg no har skulejente, barnehagejente og ei lita jente heime. Det krev god oversikt å følgje med på alt det me skal forholde oss til i desmbermånaden. Me er slett ikkje drivne i dette, så det er ei utfordring. Men me har laminert langsiktige planar og hengt det meste opp på snora vår i gangen, så det har faktisk godt bra. Herleg.




Og no er det juleferie på skulen, og då blir det vel juleferie i barnehagen også. For kven vil gå i barnehagen når storesyster får vere heime og kose seg med varme og stearinlys innanfor snødekte vindauge. Det blir koselege dagar framover.

No har me også fått pynta litt til julen. Kyrkja eg fekk for to år sidan har fått ein fin og sentral plass i stova. I år har ho fått eit reinsdyr på taket. Eldstejenta vår har nemleg ein kamerat som elskar å teikne og klippe, så me har blitt forært denne i anledning julen. Og dermed fekk han lande på kyrkjetaket saman med ein engel.



Eg er ikkje så veldig nissefascinert, eg diggar englar mykje betre. Det er mindre støy med dei, meir fred. Desse to englane under her har fulgt meg frå studietida. Då fekk eg kjøpt dei til halve prisen ein romjul, og eg er berre sååå glad i dei.



Englane under her kan kanskje vere meir utfordrande i den svarte drakta si, men eg likar dei godt dei også.



Elles finnst det ein og annan adventstake her og der og ei diger julestjerne i vindauget.



Pepperkakehus er det visst også blitt. Dei skal eg vise i morgon. Må manne meg opp, he he.

I dag har snøveret lagt heile området kvitt og fredeleg. Plantar og buskar i hagen her er nedlessa av tung og våt snø. Me er ikkje så vande med slikt her på sørvestlandet, så eg er litt bekymra. Men det går godt, det veit eg jo.



Det blir iallefall lysare i stova med kvite omgivnader utanfor, og det er utruleg herleg. Den kvite amaryllisen min blomstrar forresten no.

Ja ja, enno gjenstår ein del handel og kakebaking, men slik høyrer denne tida til.
Ha gode dagar!