Viser innlegg med etiketten Handarbeid. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Handarbeid. Vis alle innlegg

tirsdag 14. juni 2011

Framdrift på fleire plan

Denne helga tok eg med meg symaskina og alle lappane eg hadde gjort klare for eit lenge planlagt lappeteppe til hyttehuset. Det skulle vere ei skikkeleg kosehelg.


Og her har eg den gode kjøkkenbenken som klippe- og strykebord,


  og spisebordet til sybord.


Lappane blei lagt utover golvet med god assistanse frå dei to eldste jentene. Dei skulle passe på at like lapper kom i passande avstand frå kvarandre. Og dei gjekk inn i jobben med stor iver og interesse.  


Her er det ferdige teppet klart ute på benken. 
Minstejenta betraktar Formfulle Frida som har teke plass på benken. Ho er sydd for lenge sidan.
 Eg blei kjempenøgd med mitt første lappeteppe. Det er ganske stort og i favorittfargane mine.


Og baksida er eit vatert sengeteppe med silke under. Dermed blei lappeteppet tungt og lunt.
Jepp, det var noko av helgas aktivitet hos meg. Av andre prosjekt så har eg spadd på meg eit vondt kne i iveren etter å flytte jordmasse for å jamne ut noko terreng slik at me får ein fin sitjeplass ute. Jorda ar bearbeida, plenfrø er sådde i. Her er området slik me forlot det. Forhåpentligvis blir det grønare om nokre veker.


På nivået nedanfor, skal eg ha ein hageverkstad med arbeidsbenk, krukker og ein godstol.

Så får de nyte juni, sjølv om han ikkje gir mykje varme her hos oss!

lørdag 26. mars 2011

Vår og energi på plass!

Denne fantastiske helga med sol gir energi i mengder. I går fekk eg meg ei syøkt der to pynteskjerf til barn blei produserte. Dei tynnslitte dynetrekka er ikkje alltid perfekte til puter og slikt, men ultimate for tynne sommarskjerf.


Eg har ein rosainspirert seksåring her, og ein snart treåring som skal ha akkurat det same. Dermed måtte det bli to skjerf.




Eg blir alltid så glad når eg får sydd litt, for det er så knapt med tid.


Og å få setje sin eigen merkelapp på er sjølvsagt stas for oss amatørar, he he.


No står det ei lita planteøkt foran meg. Eg har kjøpt meg nokre små stiklingar på Plantasjen og fekk på den måten henta inn litt tapt tid (desse frøa skal såast tidleg). Eg skal no ut og plante om det som forhåpentlegvis skal bli flotte blå hengepetuniaer til sommaren.


Og så blir det litt anna også, mellom anna pelargonia.


Seinare (snart) skal eg så kvite fylte valmuer, duftande erteblomar og nokre plukkeblomar, som me kallar det her. Frøa ligg klare, men sidan eg skal vekk nokre dagar, må eg vente. For frøa MÅ ha godt stell!

Eg berre elskar våren!

mandag 21. mars 2011

I gang med vårputer

Tenk at me i helga kunne grille ute på altanen. Sola skein og me var ute og koste oss i fire timar. Både vaksne og ungar vaknar til liv når slikt skjer.


Eg fekk nemleg denne  nydelege buketten frå dei nydelegaste ungane, og sjølv blei eg inspirert til å sy puter med vårkjensler. 


Det blei to store puter på 65x65, og så har eg klippa opp kvadratiske lappar til fleire mindre puter på 50x50. Desse har eg tenkt å ha ute i hagemøblane våre når vår og sommar slår til for fullt. I mellomtida får dei opphald inne. Fargane er mine, kan eg vel seie. Eg elskar dei!




Men blomane frå barnehand elskar eg meir! Det er noko eige ved slike.

God veke!

tirsdag 25. januar 2011

To heimesydde

Det er slett ikkje mykje eg får sydd, men stundom trør eg til.
To puter i denne omgangen, det har blitt meir søm enn tidlegare altså, puter i gåver også, men utan bilete. Ja ja. Denne puta har eg som vår-innslag i stova no. Saman med ein bukett fargerike tulipanar gjer ho meg glad.


Og så hadde eg ei lita pute liggjande som måtte få eit trekk, og slik kom denne til.


Dermed blei det mor og barn. Det er iallefall slik småjentene mine vel å sjå det. Dei leikar med alt som finst i stor og liten størrelse. Sjarmerande, synest eg.


Eg skulle ønske eg hadde meir tid til slikt, for det er ganske triveleg når eg kjem i gang.


Men men. No er planen nokre store puter i sommarlege fargar til slagbenken i hyttehuset. Men det tar vel nokre månader, kjenner eg meg rett, he he.

mandag 8. november 2010

Dill

Bitande kaldt i dag... Men eg har no vore ute og henta nokre kvister. Dei er så kjekke til å henge små ting i.


Her har eg hengt opp nokre hjarte eg sydde i går. Det er kjekt å utnytte små stoffrestar til slikt.
Ungane synast sjølvsagt at det er kjempekjekt med slikt. Mellomstejenta her undra seg over om julen no var komen...


Det har han sjølvsagt ikkje, men stemninga er definitivt på veg. Eg gler meg stort til jul, og i år skal han feirast i hyttehuset. Endå kjekkeare.

Det betyr nemleg at me treng meir julepynt, he he.

lørdag 6. november 2010

Oiii, eg har sydd julestrømper

Ja ja, innimellom får eg det over meg. Det er lenge sidan no, men i går etter å ha lese Borghild sin herlege blogg med dei flottaste heimesydde ting, tenkte eg at eg skulle prøve meg sjølv. Så ideen er ikkje min, men Borghild sin. All æra til henne.

Eg blei igrunnen ganske fornøyd med resultatet.



Her er alså julestrømpar til dei tre jentene mine. Ikkje så mykje julepreg, men det er mykje glede i dei. Og mi største glede er at eg har gjort det sjølv. Det er jo noko med det då.

Eldstejenta sin er i blåtonar. Ho har forlatt alt rosa og foretrekk blått og lilla.

Her er mellomstefrøkna sin. Ho vil ikkje ha blått!

Og så er det minstemor sin. Ho har ingen preferansar enno, he he.

Det var kjekt å sy. Eg håper dilla held seg noko lenger enn ein dag eller to.

Her skin sola i dag, det er laurdag føremiddag og eg har planar om å dra ut for å kjøpe inn fint papir. God laurdag!

torsdag 8. juli 2010

Sommar, sjø og strikk

Det blei strandtur i dag. Me var vel ein liten vennegjeng aleine på stranda tross det nokså fine veret. Då NRK lokalen skulle intervjue badefolk, fanst det ingen alternativ, så dermed blei det deltaking for barna i ei sending. Stor stas, sjølvsagt. Bading i 16 graders sjø var sjølvsagt også stor stas.

Og så skal eg gjere klar for eit nytt prosjekt. Denne herlegheita skal strikkast.


Eg kan ikkje la modellen forbli ustrikka når eg har ei to år gammal jente. Han er berre råskjønn, både i form og farge. Og Drops har visst 30% sal ut juli, så det spørst om det ikkje blir ein liten handletur snarast. Seinsommar og haust plar vere strikketid for meg.

Men hausten er jo ikkje komen enno, så eg skal berre kjøpe inn og ha klart.
Trur eg ;-)

mandag 5. juli 2010

Sjå, ho syr!

Eg syr! Av alle ting har eg no sydd fleire kveldar på rad. Det har blitt eit par vimpelrekker til, og så har eg sydd ein kjole til sjuåringen min. Kjekt! Eg må sy mens maskinen er varm, for eg kjenner meg sjølv godt. Derfor flyt heile spisestova akkurat no med stoffer og trådar, ein symaskin og anna syrot. Det får stå si prøve, for no er det Aksjon Søm her i heimen. Eg har planar om å sy gardiner til hyttehuset denne veka, men kjenner at akkurat den syinga ikkje dreg meg mot maskinen. Men eg skal prøve. Det er ikkje lenge igjen no før eg skal hengje opp gardinstengene som ligg på vent i gangen her heime...

Her er ei ny vimpelrekke eg har sydd.


Førebels heng ho i jentene si leikehytte. På fine dagar (som i går) heng eg henne ut, og på ringare dagar (som i dag) heng ho inne. Denne rekka har nokre minne med seg. Ho inneheld farmor sitt dynetrekk gjennom maaange år, mine jenter sin nattkjole som mormor sydde til dei av eit godt Høie-stoff då dei var mindre, to Fretex-funn og eit Stoff og Stil-kjøp.


Og under her er den andre rekka av same stoffene, berre dobbelt så lang. Ho heng oppå den blå-turkise-grøne som eg laga først for eg har ikkje bestemt meg for kva eg skal gjere med dei enno. Det ser nesten ut som eit sirkus, ikkje sant? Somme tider trur eg me har sirkus her i heimen... (Beklagar dårleg farge og kjedeleg bakgrunn, men det er det eg kan tilby per no;-) )


Denne nye rosa-oransje-gule vimpelrekka trur eg blir brukt i bursdagen til snart-to-åringen her i heimen om nokre veker.

Mens eg sat og laga desse, las hyttemannen min høgt frå boka "Unntaket" av den danske Christian Jungersen. Ei glimrande sommarbok, ifølgje leiaren for Bokprogrammet på Nrk, Hans Olav Brenner. Han var innom Sommeråpent forrige mandag (12:40 ut i sendinga) og anbefalte sommarlektyre. Dermed blei det eit lite nettkjøp seinare den kvelden som eg og hyttemannen no kosar oss med; han i ein godstol med boka i handa, eg med munnen full av nåler ved eit rotete spisestovebord. Herlege fellesstunder!

Eg tenkte også at ei slik vimpelrekke med stoff som ein mottakar har forhold til, kunne vore ei fin bursdagsgåve. Det vil i så fall innebere ein telefonrunde til venner og kjente av mottakaren, men hadde ikkje det vore koseleg? Kva med eit gammalt dynetrekk, ein nattkjole, ein favorittkjole eller bluse? Mon tro om eg får til ei slik gåve?

Ja ja, ha ein fin dag vidare gode bloggarar!

torsdag 1. juli 2010

Vimpelproduksjon, gitt.

Ja, så kom eg sannelig i gang. Haust har sydd vimpelrekke, og med det inspirert meg. I går kveld gjorde eg denne ferdig, ca 3 meter lang. Eg veit ikkje heilt kor eg skal ha rekka, så dette er berre eit prøveoppheng.


Vimplane går i blå, grønne og turkise tonar med stoff frå gamle retro dynetrekk og noko nyare stoff. Eit skjørt eg likte stoffet på fann eg på Fretex, og no er delar av det blitt til vimplar.


Kjekt! Eg trur eg må sy fleire. Det gjekk jo så greit, ikkje vanskeleg heller.

onsdag 26. mai 2010

Dongeriinspirert

Eg har fått det føre meg å sy av gamle dongeribukser. Me har dongeriklede liggjande i opptil fleire skap her heime, og nokre av dei har eg så gode minne frå. Det gjeld spesielt jentene sine. Når minstemor no veks ifrå dongeribukser og kjolar som alle tre jentene har hatt, er det ei trøyst å kunne nytte minnene frå det plagget i noko som har lengre varigheit enn klede.

Derfor klippar eg no opp rester. Eg skal sy nokre puter til å ha ute i sommar.
Men som ein første test, har Formfulle Frida kome til oss.

Ho er inspirert av danske Susann Liebe sine ender. Og her i huset slo ho an straks. Alle jentene har klemt på henne og leika med det store nebbet og dei digre føtene. Under nebbet er ei lomme som dei to eldste jentene har hatt mange småsteinar oppi. Herleg å tenkje på det no. 
Det må nok bli fleire dongerisøsken etterkvart.

torsdag 4. februar 2010

Pakke frå Borghild

I dag mottok eg ein herleg pakke frå godaste Borghild med bloggen Borghildpia. Ho syr så mykje fint og er kreativ som berre det. Eg tek av meg hatten for deg, Borghild.

Denne lekre pakka låg altså i postkassa mi, og det seiv skikkeleg lavendelduft ut fra han.
Og oppi pakka låg to bleieposar som eg har bestilt. Eg har kjøpt bleiepose av henne før óg, og er kjempenøgd med den.



Den eine posen hadde dette herlege retrostoffet.



Den andre dette lekre stoffet her.



Og her kan de sjå lavendelposen med eige Borghildstempel på.



Eg skal ikkje bruke desse posane til bleier denne gongen. Eg har ein til det formålet allereie. Desse posane har eg tenkt å ha til litt av kvart på badet mitt, både heime og i hyttehuset. Dei er nemleg praktiske til så mangt, og så så dekorative.

Du vil ikkje angre deg om du investerar i ein... ;-)

mandag 21. desember 2009

Makaronienglar

Så er første dosen makaronienglar produserte. Og eg trur det blir med den dosen. Det blei 16 englar denne omgangen.



Eg har rett og slett ikkje laga makaronienglar på mange mange år, kanskje 15. Det har liksom ikkje blitt slik. Men no tok eg fatt etter å ha nemnt englane for jentene her heime. Då kunne eg ikkje trekke meg unna.



Vingelageret!

Og under her ligg dei til limetørk. Dei er igrunnen søte.



Eg likar normalt ikkje gull, men jentene her er opptekne av gull og glitter, og dermed var saken klar. På eit tidspunkt i livet kan dei tru at gull og glitter gir lukke. Dei skal tidsnok finne ut av sanninga.



Så no heng gullenglar i trollhasselen vår.



Neste dose eg lagar må få bli kvite, trur eg. Eg er liksom meir der. Men kva gjer ein ikkje for ungane... he he.
Ha ein god snøfylt dag.


fredag 11. desember 2009

B-strømper og julekortutstilling

He he, B-strømper skriv eg, men det er slett ikkje snakk om noko b-vare her altså. Eg meiner Borghild-strømper! Og det er noko heilt anna.

I dag fekk eg nemleg den herlegaste pakken i postkassa. Borghilds stilige julestrømper. Eg var så heldig å få kjøpe fem stykk av dei, og eg er berre så nøgd.



Dei er definitivt laga med "love", for ho syr såå fint og gjer det så grundig.



Lekre glade julestrømper er triveleg i ein mørk desember.



Eg veit ikkje heilt kor eg skal henge dei, så eg har prøvd på stålstrengen i gangen vår der ungane sine planar heng på rekke og rad, men det blei liksom litt kjedeleg.



Så kom eg på at eg kunne bruke "dottane" mine i gangen til julekortutstilling viss eg trakk ein tråd mellom dei. Det blir fint, veit de. (Beklagar det kjipe lyset, det finst ikkje vindauge i denne gangen)



Det er så kjekt å gå i postkassen og få post desse dagane.



Så prøvde eg strømpene her, og det blei bra. Dei friska opp denne julekortutstillinga så lenge ho er relativt naken. Når korta tek overhand, flyttar eg strømpane. Kanskje til juletreet? Me får sjå.



Men iallefall, Borghild, eg er kjempenøgd!

No må eg springe herifrå, for eg vil sjå fredspriskonserten.

Ha ein strålande fredagskveld.