onsdag 26. mai 2010

Dongeriinspirert

Eg har fått det føre meg å sy av gamle dongeribukser. Me har dongeriklede liggjande i opptil fleire skap her heime, og nokre av dei har eg så gode minne frå. Det gjeld spesielt jentene sine. Når minstemor no veks ifrå dongeribukser og kjolar som alle tre jentene har hatt, er det ei trøyst å kunne nytte minnene frå det plagget i noko som har lengre varigheit enn klede.

Derfor klippar eg no opp rester. Eg skal sy nokre puter til å ha ute i sommar.
Men som ein første test, har Formfulle Frida kome til oss.

Ho er inspirert av danske Susann Liebe sine ender. Og her i huset slo ho an straks. Alle jentene har klemt på henne og leika med det store nebbet og dei digre føtene. Under nebbet er ei lomme som dei to eldste jentene har hatt mange småsteinar oppi. Herleg å tenkje på det no. 
Det må nok bli fleire dongerisøsken etterkvart.

1 kommentar:

  1. Det, og jeg er for vild med. Rigtig god idé, at genbruge gamle afvist.
    Kh Birthe

    SvarSlett