mandag 31. mai 2010

Kart og plansjar på Finn

Eg vil berre tipse om sal av kart og plansjar på Finn. Sjølv har eg vore så heldig å få kjøpe dette verdskartet her.

Klikkar du deg inn her, vil du finne annonsa som har noko eg trur ein del bloggarar kanskje kunne tenkje seg.



Eg anar ikkje noko om kva som er solgt, men annonsa blei lagt ut i går. Det beste av alt, er at pengene går til fattige barn i Bolivia. Det er ein skule rett utanfor Stavanger som ryddar i kjellaren sin som har kome på den gode ideen.

Mannen min og eg var i Bolivia for omtrent ti år sidan no, og der besøkte me mellom anna ein barneheim. Det gjorde eit enormt sterkt inntrykk å sjå korleis desse borna hadde det, men også kor fantastisk arbeid folk gjer i høve til dei fattige.

Så mitt kjøp at dette kartet gir glede til fleire enn berre meg, og det kjennes utruleg godt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar