Viser innlegg med etiketten Ungane. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Ungane. Vis alle innlegg

onsdag 27. april 2011

Gult frå barnehender

Her er kva jentene mine i dag sprudlande har kome inn til mamma med, alle uavhengige av kvarandre. (Kanskje toåringen har blitt litt inspirert av dei andre.)


 Løvetann eller hesteblomst saman med gåselabb i vase er ikkje akkurat suksessoppskrift, men det er heidundrande vakkert i augneblinken. Og dei tre små smørblomstane er så søte. 


Med dette på bordet blei dagen i dag også gul, om enn ikkje påskegul.
Barneplukka bukettar er ubetaleleg!


søndag 23. januar 2011

Bursdagsfeiring

Så har me etter ein lang sjukeperiode her heime, endeleg fått feira eldstejenta sin bursdag. Det er kjempekjekt med barnebursdagar.


Og denne gongen herma eg etter dette, til mange begeistra jenter sin fryd. Eg brukte ikkje marsipan til blader, men klippa rett og slett ut grønt papir. Takk for ideen!

 Og bursdag på denne tida krev sprø og knasande tulipanar i friske fargar. Det er våren som blir invitert inn i heimen. Og her er han saktens velkommen! Finaste tida på året for mitt vedkommande, sjølv om det er tidleg enno. 


Så var det godteposane, dei er vel nesten obligatoriske i bursdagane her omkring. Denne gongen inviterte me til kino i auditoriet på skulen der eg jobbar. Storskjerm og godteri passar vel nokre, kan eg tenkje. Her sit ei forventningsfull jente nokre timar tidlegare på dagen med ferdigpakka posar.

Og i anledning bursdagen hadde ho på eige initiativ rydda og pynta på rommet sitt. Det kan mora like :-) 


Over her er petshopane sit hus. Og under er "salongen".


Noko rot under sofaen, men det lukkar me augene for. Eg synest ho har pynta fint eg.

Ja ja, bursdagen blei som ho ønska, og då krev ikkje eg som mor noko meir.

søndag 26. september 2010

Lekse til mandag!

Eg hadde eigentleg ikkje tenkt så mykje på dette, eg, at noko av leksa til skulejenta mi er å spisse blyantane. Ikkje før eg såg beskjeden på planen hennar no før helga. 


Det er liksom slikt eg trur gjer seg sjølv. Ikkje fordi at eg ikkje har spissa blyantar i mitt liv. Det trur eg eg er meister på. Som den kontorrotta eg er, så har eg hatt stor glede av slikt. Eg har alltid hatt denne nydelege kjensla av kontroll når eg har hatt ein nyspissa blyant i handa mi. Då er eg liksom klar; førebudd og parat til dyst.


Ta ein av desse blyantane her i handa di, for eksempel, og kjenn på den nye starten du får når du skal til å skrive. Blanke ark og spisse blyantar... Mmmmm.


Eg spissa naturlegvis også mine eigne blyantar når eg fyrst var i gang. Alle fekk seg ein runde eller to i spissaren, berre sånn for ordenens skuld.

Men at eg måtte få ein eksplisitt beskjed frå læraren til jenta mi om hennar blyantar, det var eg ikkje førebudd på.

For å vere ærleg så trudde eg dottera mi dilta etter i fotspora mine...


Akk ja, slik kan det gå.

Ha no ei god veke, gjerne med spisse blyantar.

torsdag 8. juli 2010

Sommar, sjø og strikk

Det blei strandtur i dag. Me var vel ein liten vennegjeng aleine på stranda tross det nokså fine veret. Då NRK lokalen skulle intervjue badefolk, fanst det ingen alternativ, så dermed blei det deltaking for barna i ei sending. Stor stas, sjølvsagt. Bading i 16 graders sjø var sjølvsagt også stor stas.

Og så skal eg gjere klar for eit nytt prosjekt. Denne herlegheita skal strikkast.


Eg kan ikkje la modellen forbli ustrikka når eg har ei to år gammal jente. Han er berre råskjønn, både i form og farge. Og Drops har visst 30% sal ut juli, så det spørst om det ikkje blir ein liten handletur snarast. Seinsommar og haust plar vere strikketid for meg.

Men hausten er jo ikkje komen enno, så eg skal berre kjøpe inn og ha klart.
Trur eg ;-)

Sommar og blomster

Det er sparsamt med sommar for tida. I går vart det nesten slik at pleiddet kom fram, mens i dag kom sola på besøk. Det er alltid kjekt, då stormar me ut i hagen alle saman.
Eg klippar plen medan jentene her leikar i hage og leikehytte. Det gir sommarkjensle.


Og så plukkar me nokre blomar og har i vannkar (Ikea sel sine kar til halv pris no om dagane).


Og hos Søstrene Grene fann me i går denne herlege lilla kanna. Kjempekjekk sidan ho kan stå ute og samle opp regnvann til seinare vanningar. Her er det minstejenta som vil vanne mamma sitt blomsterbad.
For når dei store gjer noko slikt hos oss, vil dei små umiddelbart gjere noko liknande...


Her er det eldstejenta på sju som ivrig lagar eige blomsterbad av eit vaskevannsfat me fekk av ei gammal dame i fjor.

Og her er mellomstejenta sin variant. Ho valde ei ildfast form til sitt blomsterbad.

Det er så kjekt når jentene her kosar seg ute i hagen.


Ser de solskuggane i dette badet? Det er viktig å fange sei når dei er her, for no er dei borte. Eg håpar likevel dei kjem att for me har planar om strandtur seinare i dag.

Ha ein flott dag!

fredag 2. juli 2010

Om sko og sal

Sal er kjekt. No er det berre å slå til. Men som trebarnsmamma blir det av og til veeeldig mykje klede i heimen. Sidan alle er jenter, blir det mykje arving og lite kasting. Dermed hopar mengdane seg opp. Ikkje av den grunnen at dei arvar, men av den grunnen at eg synest dei også må få litt nytt, ikkje sant? Mellomste jenta her har eit skap som er så proppa at det er vanskeleg å få ut skuffene.

Når det no er sal og eg har lyst å kjøpe massevis av dei lekre kleda, må eg derfor bremse meg sjølv.


Derfor har eg no berre kome heim med eit par sko til veslejenta vår som blir to år denne månaden. Dei er av merket Angulus og er kjempegode på foten har eg blitt fortalt.

Sko skal ein jo ikkje arve, og dei to eldste jentene har alltid fått nye sko (- selskapssko). Men så er det vel slik at ein blir meir slepphendt og avrunda etterkvart, så minstejenta har brukt nokre arvesko innimellom. Men no skal ho få bruke desse herlege lilla sakene så mykje ho (og eg) vil. Eg skal ikkje tenkje at dei skal halde lenge og til alle ungane, ho skal få ha dei for seg sjølv, og ho skal få bruke dei til fint og til kvardags.


Eg gler meg til ho har vakse ein liten cm til, då er ho og eg klare, tenkjer eg.

Sal er altså kjekt, men ein må vite å styre seg også. (Eg klarte meg denne runden, he he.)

mandag 28. juni 2010

Full fres!

Ja her flyg dagane avgarde. Sommarferie og yre ungar krev sitt. Me har siste veka vore på sørlandet ( må koble av hyttearbeid med kos innimellom) med obligatoriske besøk i Dyreparken, Stoff og stil-butikken (eg vil gjerne ha den butikken til Rogaland!), og så har me daffa avgarde i Kristiansand. Der dukka den eine butikken etter den andre opp, og daffedagen enda med bæreposar og overfylt barnevogn.

Me var mellom anna innom butikken "Den blaa dør", og der var det nokre velkjende figurar som smelta ei fem år gammal jente sitt hjarte...



 
Det var dette sjarmerande huset som styrte handelen. Me kom ut av butikken med litt av kvart (komfyr, dokker, vogn og mus). Elles fekk heile familien gåver dei smilte av på turen.

Så har me vore i hyttehuset igjen. Der jobbar me på spreng. Denne helga var det golvet i allrommet som skulle slipast og få nokre strøk med lys beis.

Slipinga tok lenger tid enn me trudde, for store delar av golvet var sannsynlegvis prega av noko parafinsøl i oljekamin (dagtank med påfyll inne). Pusseskivene gjekk "tette" stadig vekk, men med tålmod og iver har mannen fått reinska opp og kome ned til reint tre.
















Her ser de skilnadene...

Og her er kjøkkenet per no. Me har fjerna nedste hylle i overskapet for avstanden mellom det og benken var så liten. Eg vil ha lys lys lys. Og når ein forsøker seg på å rive ei plate utanpå eit kjøkkenskap, ligg det sjølvsagt nytt arbeid og ventar... Her dukka det opp sparkelarbeid med påfølgjande tørketid. Akk, ja. Ting tar tid. I morgon skal hyttemannen her dra avgarde igjen for å lakkere tregolvet. Det kjem til å bli steinbra. Eg kjenner det berre på meg!

I mellomtida skal eg vere heime og stelle i hus og hage. Det veks og gror her omkring ser de, hybelkaninar og ugras og slikt ;-) Og så har eg kjøpt meg turkis voksduk på Stoff og stil som eg skal pynte litt med. Gardinene til hyttehuset skulle eg også ha kome i gang med, og kanskje ein vimpel til toåringen sin bursdag i juli... Og så skal eg lese! Herlege tider!

(Sidan sist har eg fått ein kjekk award frå Fjeldborg, ein av favorittbloggarane mine. Eg skal seie sju ting om meg sjølv. Det kjem, det kjem. Tusen takk for awarden! Det var svært kjekt å få ein slik, spesielt når ein driv blogging i lite format, om eg kan kalle blogginga mi for det.)

Nyt sommaren!

lørdag 5. juni 2010

Barnleg lukke

Herleg helg med barn i heimen. Det er den enkle gleda som blir så stor.
I dag kom sjuåringen min heim med denne skjønne blomsterbuketten i hendene. Eg fór sporenstreks inn og henta vase og fekk dei i vatn.


Hengande blomster fekk nytt liv igjen, heldigvis.

Og så er det ei anna herleg greie med barna, nemleg rastlausheita. Her er det minstemor på 1,8 (snart to altså), som ser barnetv og slikkar i seg noko søtt.

Om det er det søte som gjer seg utslag i høgare aktivitet eller om det er barnetv som ikkje fangar hennar interesse skikkeleg, er usikkert, men ho heiv seg ut i spontan dans under barnetv.

Og blei kalla tilbake av lokkande tv-stemmar. Full fart fram og tilbake.

Slike augneblinkar sit mora berre og nyt frå sofaen. 
Håpar de også nyt gode augneblinkar.
God helg!

lørdag 6. mars 2010

Laurdagssysler

I morges fekk eg det føre meg at viss eg ikkje fekk ordna settekassa relativt raskt, så blei ho berre ståande og etterkvart sett vekk. Dermed blei det hobbykos for alle jentene her ved spisebordet på morgonkvisten. Jentene har fått seg krympeplast som dei er heilt hekta på. Dei teiknar og steikar og får deretter små harde plastfigurar som dei sjølv har dekorert. Eg heiv meg over klipp-og-lim-arbeidet, og det blei ein herleg start på laurdagen her.




På laurdagane elskar eg å kunne stille ungane spørsmålsformuleringa:
- Ja vel, jenter, me har heile dagen i dag, kva skal me bruke han til?
Dei plar tenkje seg om ei stund, nokre gonger vil dei gå på forteljarstund. Det er eit herleg tilbod som barn frå fire år i Stavanger får gratis. Profesjonelle forteljarar fortel eit par eventyr dei plukkar fram frå ein koffert som skal ha reist verda rundt. Knallkjekt! Andre gonger vil dei vere heime og leike med kvarandre, då kler dei seg ut med vesker, sko, skjørt, skjerf og solbriller og leikar vaksne. Eit herleg syn. Nokre gonger vil dei berre sjå på tv, mens i dag ville dei (med litt vaksenstyring) at me alle skulle gå på Vitenfabrikken.





Og dermed blei det slik. Me har ikkje vore der før, men det var ein spanande plass å vere. Teknologien forstår dei ikkje så mykje av, men tilboda strekk seg langt ut over det. Det som vel traff familien best, var den lille øvelsen to stk. kunne ta der hjerneaktiviteten blei registrert og der det handla om å slappe mest av. Eg blei overlegent slått av mannen i heimen (og han fekk derfor ei bekrefta forklaring på mykje, he he), dei små jentene slo deretter oss vaksne overlegent. Det måtte skikkeleg konsentrasjon til, og det var herleg å sjå at ungane hadde så lett for å slappe av. Me skulle nok ha lært meir av dei der, trur eg. Iallefall me kvinner, tenkjer eg ;-)




Eg fekk også lure til meg ein liten Fretextur, og sjølv om det ikkje var så mykje nytt i butikken, kom eg over desse gamle handarbeidsblada. Kanskje eg finn noko som gir meg ei herleg, tankefri og avslappande stund der?

No er det iallefall seinhelg, og den skal berre nytast.
Ha ein god kveld.

tirsdag 23. februar 2010

Kjøkkenkos

Me nyt vinterferien i lange drag her heime. Ingen planar og ikkje noko kav. Herleg.
I dag har jentene bakt kanelboller og fått gjere som dei ville. Det blei store og små med maassse sukker på.

Og så har eg bestilt ein fluesopp av eldstejenta som fekk kitt til bursdagen sin. Ho tok oppgåva seriøst og leverte varer som bestilt.


Er han ikkje søt?



Så har me teikna og tusja flotte teikningar.



Tusjane har fått plass på kjøkkenhylla saman med sukkerkona. Ingen vond plassering.



At soppen er plassert ved sidan av peppermøa er reint tilfeldig og har ikkje ei djupare forklaring. Men han må få vere saman med oss når me kosar oss rundt kjøkkenbordet.

Scenar frå eit frokostbord

Det er vinterferie, pappa er i hyttehuset og jentene kosar seg heime. Ingen skal avgarde tidleg på morgonen, pysjamasane er på til langt på dag og det er avslappande kos i heimen. Dermed knipsar eg i vei, eg knipsar alt og ingenting, heilt planlaust.



Her kosar eg meg med ein kopp te. Nydeleg, ikkje sant?
Vel, saken er den at me er tomme for kaffi, og eg som elskar kaffi... Ei påskehøne bøtar litt på sorga over manglande kaffi. Denne kjøpte eg nett fordi den eg hadde tidlegare har gått i stykker, og eg likte ho så godt.

Det er forresten alltid interessant, synest eg, å studere bilete på bloggar rundt omkring for å sjå heilskapar. Det finst så mange lekre bilete med nydelege bakgrunnar og harmoni. Hos meg er det ikkje heilt slik, eg er ikkje flink til det. Tekoppen min og høna er rett og slett to figurar på eit frokostbord i ein vinterfeire...



Eg har kjøpt med nokre store, herlege Norgesglass på Fretex nyleg, og eitt av dei inneheld no frokostblandinga jentene her elskar å ha i yoghurt.



Litt meir stas enn Coop sin pose.



Den ekte og herlege stemninga består imidlertid av noko heilt anna. Då eplene kom på bordet var det nemleg nokre små barnehender på eitt og eit halvt år som raskt heiv seg oppi skåla...







Nyt ferien!

søndag 14. februar 2010

Morsdag og fastelaven i dag - mmm

No står ferdigstekte lunkne boller både med eggekrem og utan (til fløytekrem) på kjøkkenbordet, Kvirrevitts knekkebrød i steikeovnen, minsten søv og mannen og dei to største jentene er ute og skøytar. Kameraet er på skøytebanen, naturlegvis. Eg dillar heime, ryddar, lagar mat og førebur bollebesøk i ettermiddag.

Dagen starta med viltre ungar opp i senga mi, pakkar i fjeset og stor glede. Pakkane inneheldt ein god handkrem frå Body Shop, Karl Ove Knausgård si bok 1 (eg må lese henne for å få med meg kva den store debatten går ut på) og ei flott lita notatbok innbunden i skinn. Alt for mykje! Og det største - eit kort med rosa og raudt heimeteikna hjarte med ein god varm tekst frå sjuåringen.

Lukka er ordlaus.

Ha ein god dag alle!


----

Litt seinare:
No har eg svidd to av dei tre bretta med knekkebrød, så no er det god brent lukt i huset. Det fyrste brettet blei vellukka, men då eg heiv inni to brett på ein gong og varmluft på, blei det for mykje. Iallefall skulle tida ha vore korta ned. Men no veit eg det.
Dei vellukka knekkebrøda smakte himmelsk! Så knekkebrødbakst må eg berre skrive opp på obligatoriske gjeremål-lista.

søndag 17. januar 2010

Veskeraid på Fretex

Laurdagen i går brakte heim eit lite veskelager. Systera mi og eg hadde ein koseleg bytur med obligatorisk besøk på Fretexbutikken. Og der kan ein leite og grave fram godsaker, som de veit. I går var det veskeraid, og eg kom heim med denne herlege samlinga vesker til alle småjentene sin fryd.



Slike vesker elskar dei. Dei elskar å kle seg ut, og då må ein naturlegvis ha passande veske til, ikkje sant?



Denne rosa her falt sjølvsagt godt i smak. Alt som er rosa er flott. Og eg digga henne også.


Elles er dette ein del av utvalet:



Den gule blei straks eittåringen sin favoritt. Ho vandra lenge rundt i heimen med veska godt planta i albogekroken og armen høgt heva. Ingen andre får røre den gule veska foreløpig. Den lilla veska blei straks dei litt større jentene sin favoritt. Lilla og rosa er uhyre populært hos oss for tida, så dei har blitt instruert om å heile tida dele og bli eininge om korleis dei skal praktisere fordelinga.



Sjølv hadde eg to vesker som eg kan hugse frå då eg var lita. Den eine var raud og veldig stiv, men staseleg. Den andre var som plastikveska med blomar her. Mi var oransje.



Og då eg fann denne veska, kom ho ikkje or hendene mine. Eg simpelthen måtte ha henne. Lurar på om ho skal få stå på badet i hyttehuset med litt såper i...



Til sist blei det denne turkise lekre veska.

Slik blei heimen full av veskedamer her i går. Leiken liknar mykje av voksenverda sin med ei veske for kvart høve. Eg sit og nyt situasjonane av tre jenter som tar han heilt ut. Herleg!
Eg elskar slikt.