
På laurdagane elskar eg å kunne stille ungane spørsmålsformuleringa:
- Ja vel, jenter, me har heile dagen i dag, kva skal me bruke han til?
Dei plar tenkje seg om ei stund, nokre gonger vil dei gå på forteljarstund. Det er eit herleg tilbod som barn frå fire år i Stavanger får gratis. Profesjonelle forteljarar fortel eit par eventyr dei plukkar fram frå ein koffert som skal ha reist verda rundt. Knallkjekt! Andre gonger vil dei vere heime og leike med kvarandre, då kler dei seg ut med vesker, sko, skjørt, skjerf og solbriller og leikar vaksne. Eit herleg syn. Nokre gonger vil dei berre sjå på tv, mens i dag ville dei (med litt vaksenstyring) at me alle skulle gå på Vitenfabrikken.

Og dermed blei det slik. Me har ikkje vore der før, men det var ein spanande plass å vere. Teknologien forstår dei ikkje så mykje av, men tilboda strekk seg langt ut over det. Det som vel traff familien best, var den lille øvelsen to stk. kunne ta der hjerneaktiviteten blei registrert og der det handla om å slappe mest av. Eg blei overlegent slått av mannen i heimen (og han fekk derfor ei bekrefta forklaring på mykje, he he), dei små jentene slo deretter oss vaksne overlegent. Det måtte skikkeleg konsentrasjon til, og det var herleg å sjå at ungane hadde så lett for å slappe av. Me skulle nok ha lært meir av dei der, trur eg. Iallefall me kvinner, tenkjer eg ;-)

Eg fekk også lure til meg ein liten Fretextur, og sjølv om det ikkje var så mykje nytt i butikken, kom eg over desse gamle handarbeidsblada. Kanskje eg finn noko som gir meg ei herleg, tankefri og avslappande stund der?
No er det iallefall seinhelg, og den skal berre nytast.
Ha ein god kveld.

Høres ut som en spennende dag, og settekassen ble kjemppefin:)
SvarSlettNei, for ei fin settekasse! :) Den der blei jo råkul! No fekk eg verkeleg lyst å besøke den lokale gjenbruksbutikken og spør etter settekasse! :)
SvarSlettSlik forteljingsstund har dei her på Stord òg! Utruleg flott tilbod for born (og vaksne) :)
Ha ein deilig søndag!
Så flott den vart! Synest glasdøra gjorde akkurat denne settekassa så spesiell...
SvarSlettYnskjer deg og dine ei god veke! :)
Fin,fin!!
SvarSlettStilig settekasse. Herlig med lørdager ja :-)
SvarSlettFor en herlig settekasse! Og genialt at den har glassdør, det er jo noe herk å tørke støv i de små hyllene.
SvarSlett