Det blei strandtur i dag. Me var vel ein liten vennegjeng aleine på stranda tross det nokså fine veret. Då NRK lokalen skulle intervjue badefolk, fanst det ingen alternativ, så dermed blei det deltaking for barna i ei sending. Stor stas, sjølvsagt. Bading i 16 graders sjø var sjølvsagt også stor stas.
Og så skal eg gjere klar for eit nytt prosjekt. Denne herlegheita skal strikkast.
Eg kan ikkje la modellen forbli ustrikka når eg har ei to år gammal jente. Han er berre råskjønn, både i form og farge. Og Drops har visst 30% sal ut juli, så det spørst om det ikkje blir ein liten handletur snarast. Seinsommar og haust plar vere strikketid for meg.
Men hausten er jo ikkje komen enno, så eg skal berre kjøpe inn og ha klart.
Trur eg ;-)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)


Den var kjempesøt. Takk for tipset ;). jeg har nemlig en liten søt niesetulle som jeg liker å produsere ting til ;). God sommer videre ;). Hei og hopp, ha det godt!
SvarSlett