Det blir nesten berre søndagsblogging no for tida. Dagane flyg og det gjer forsåvidt me også. Denne veka har me vore i Paris med dei tre jentene våre. Ein kjekk by, men med dårleg tilrettelegging for barnevogner. Med to vaksne gjekk det imidlertid greitt. Jentene våre blei teikna, me var oppe i Eiffeltårnet, i Disneyland og elles småturar både her og der. Det er mykje å gripe fatt i i Paris, og me skal definitivt tilbake. Me blei heller ikkje avskremte frå å reise til storby med små barn. Lite shopping for mamma, men det var heller ikkje tanken. Eg kjøpte meg ein kakaoboks og ein boks til hårklemmer!
Og så bar det rett heim til feiring av toåringen vår.
Veret blei finare enn meldt, og dermed kunne me vere ute. Ikkje heilt planlagt, men det gjekk fint. Me henta maten inne, herleg suppe med rundstykker til og heimelaga hylleblomstsaft som eg hadde i desse Åhlensflaskene.
Eg likar dei så godt, og etter at eg fekk Dymoen i hus, er alt blitt endå kjekkare. Det heile blir litt meir spenstig med svart merkelapp på.
Fiskeuppe til barnebursdag høyrest kanskje lite barnevennleg ut, men minstejenta elskar fiskesuppe, så då er saka klar.
Her er altså eit bilete av kjøkkenkroken vår. Me har ein benk laga av kjøkkenskap og madrass som me titt og ofte slenger oss ned på. Eg vurderer nytt trekk på han no, men veit ikkje kva slags enno.
I går var eg forresten ein kjapp tur innom Ikea, og der gliste denne nydelege gule vasen under her imot meg. Eg kunne ikkje gå forbi, fargen var magisk og sommarleg. Dei andre vasane her er frå Fretex, og dei står på ein kommode som onkelen min har laga. Han manglar håndtak og eg klarer ikkje bestemme meg for kva type eg skal ha... (eg er vaklevoren i det meste ;-) )
Veit de om nokon som sel tøffe og enkle håndtak?
Ha gode dagar vidare. Sommaren blir ikkje så varm i år, men me får gripe dagane som best me kan.





Herlig med Paristur, det er jo bare en herlig by!
SvarSlettVært der flere ganger, og vil stadig tilbake ;)
Nei ikke noe sommervær akkuratt, men, fordelen er at jeg/vi får gjort en del inne som har ligget på vent.
Men så var det den husmalingen vi skulle gjøre...jaja, tar det mellom slagene ;)
Fortsatt god sommer, uansett vær!
Kul gul vase!
NinaB xx
God mandag!
SvarSlettJeg har kjøpt noen fine håndtak (en liten løkke av skinn) fra Karmameju som er ganske rimelige (ca 50 kr), har en butikk her i byen som selger dem, men de har dem feks på designme.dk
Ang. panel og rullemaling, så gjør jeg det bare på grunningsstrøket! Og det fungerer helt fint. Toppstrøkene tar vi med pensel, blæh så kjedelig!
Fiskesuppe i bursdag er topp, det pleier jeg også å ha på min bursdag:)
Fiiiin uke til deg!
Klem Ingrid
Hva heter den fine, sorte lysestaken du har oppe på kommoden? Jeg har sett den på bilder tidligere, men kan ikke huske hvor, hva den heter og hvor den er å få kjøpt...
SvarSlettHei Anonym. Seint svar her. Lysestaken er ein Mogens Lassen-stake som heiter Kubus. Eg har kjøpt han på Black&White-studio i Stavanger. Eg veit at Møbelgalleriet også sel han.
SvarSlett