Eg er på jakt etter ei, ja produktet har mange namn: kjøkkenhylle, melskuff, speserihylle eller krydderhylle til å ha i hyttehuset. Eg har sett mange har nemnt at Ikea har desse, men eg finn ikkje noko på nettsidene anna enn at hylla må ha vore i serien Förhöja.
Eg ser henne på dette litle biletet som dukka opp, men hylla ser ikkje ut til å vere i sortimentet. Eg ville så gjerne hatt ei slik, eller ei liknande (ikkje i plast). Er det nokre som har tips til kor eg kan finne? Hylla må vere i ei moderat prisgruppe, under 500.
Eg har sett råtøffe (og rådyre!) eksemplar (biletet under) hos Tuvas hus, men dei er nok for ei anna kundegruppe enn meg.
Er det nokon som veit kor eg kan få meg ei enkel slik hylle?
Hei!
SvarSlettDe er nok ikke så lette å komme over,
men jeg ville sett på finn.no ihvertfall!
Jeg fant min på loppis!
Du kan jo legge ut en ønskes kjøpt på Finn.no også da, kanskje noen har en de ikke vil ha lengre ;-)
Lykke til!
Klem