Her er kva jentene mine i dag sprudlande har kome inn til mamma med, alle uavhengige av kvarandre. (Kanskje toåringen har blitt litt inspirert av dei andre.)
Løvetann eller hesteblomst saman med gåselabb i vase er ikkje akkurat suksessoppskrift, men det er heidundrande vakkert i augneblinken. Og dei tre små smørblomstane er så søte.
Med dette på bordet blei dagen i dag også gul, om enn ikkje påskegul.
Barneplukka bukettar er ubetaleleg!



Deilig med løvetann på bordet!
SvarSlettHilsen fra PiPa