Lenge sidan siste innlegg her, men det heile går i turbo, så det blir lite tid. Mange tankar i hovudet, nokre blir sett ut i livet medan andre er i tankesfæren. Der får dei sikkert bli ei stund. Dei som førebels er sett ut i livet har enda i eitt større prosjekt, nemleg dreneringsarbeid. I dag kom gravemaskina, og slik er hagestatusen utanfor hyttehuset i dag:
Det blir altså drenering også her. Me drenerte rundt heimehuset for fem år sidan og laga hage etterpå, og no er det sanneleg på-an på ny. Tomta her er ganske skrå/hellande, så masse skal ikkje køyrast vekk, men brukast på ny til å jamne ut terreng og på sikt gi nye hagekrokar. Gjenbruk, he he!
Ser de dei flotte steinane som dukka opp her? Dei skal ikkje gøymast under jorda iallefall, dei skal fram! Eg gler meg, sjølv om det tek tid. Me har inga hast!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar