
Her er altså "stova". Sofaen er ein slitt benk frå barnehagen til jentene her. Han skulle kastast, men eg nekta å la det skje. Me har malt han i ein lillafarge jentene valte. Litt knall kanskje, men dette er deira hytte med mamma si velsigning (og godkjenning ;-) ). Bordet er frå Fretex, og tanken er at eg skal male det kvitt, men det er no ikkje så verst heller då. Putene over sofaen er sydd av gamle dynetrekk, og det er forskjellig stoff på kvar side slik at jentene kan forandre om dei vil det. Eg har valt å hengje dei opp med innsydd strikk i nokre krokar på veggen (ikkje kjempefint, men praktisk!). Då er dei på plassen sin og held seg reine lenger. Tinga her i heimen har nemleg ein tendens til å flytte på seg relativt ofte.

Her er ein annan vri. Putene har fått ny side fram og madrassen på benken er vekke. Putene heng kanskje litt høgt no, men dei er jo tilpassa madrassen. Den har eg sydd eit trekk av ein gammal voksduk til slik at han kan vaskast. Under benken har jentene kvar sin leikekasse.
Gardinene til dette vinduet skal skiftast ut med ei fransk som eg omtala i førre innlegg. Og gardina skal vere i stoffet på den midterste puta på benken ovanfor. Det er eit kompromiss mellom jentene her. Den eine fekk velje til kjøkkenet, den andre til stova.
Og på bordet har dei laga dagens salat; graslauk og gras, fint hakka opp og fordelt i skåler.
Bon appetit.

Kjempefint lekehus !!
SvarSlettCecilie