torsdag 4. februar 2010

Pakke frå Borghild

I dag mottok eg ein herleg pakke frå godaste Borghild med bloggen Borghildpia. Ho syr så mykje fint og er kreativ som berre det. Eg tek av meg hatten for deg, Borghild.

Denne lekre pakka låg altså i postkassa mi, og det seiv skikkeleg lavendelduft ut fra han.
Og oppi pakka låg to bleieposar som eg har bestilt. Eg har kjøpt bleiepose av henne før óg, og er kjempenøgd med den.



Den eine posen hadde dette herlege retrostoffet.



Den andre dette lekre stoffet her.



Og her kan de sjå lavendelposen med eige Borghildstempel på.



Eg skal ikkje bruke desse posane til bleier denne gongen. Eg har ein til det formålet allereie. Desse posane har eg tenkt å ha til litt av kvart på badet mitt, både heime og i hyttehuset. Dei er nemleg praktiske til så mangt, og så så dekorative.

Du vil ikkje angre deg om du investerar i ein... ;-)

2 kommentarer:

  1. Åh, så heldig du er! Pakken var jo nesten så fin at ein ikkje skulle ha pakka den opp! :)
    Men du? Kva skal egentleg ein bleiepose brukes til? Sikkert et megateit spørsmål. Men eg tenker, skal ein ikkje kaste bleiene i bosset?

    SvarSlett
  2. Så flotte og så nydelig innpakning. Kjenner duften av lavendel når jeg leser og gleder meg til sommeren. Da skal jeg fylle hagen med lavendel og sanke selv :))

    http://www.enfuglianden.blogspot.com/

    SvarSlett