mandag 22. februar 2010

No malar eg

spisebordet kvitt. Og det kjennest herleg. Eg er rett og slett gørr lei av den folierte bjørkeplata med grått mellomparti når ein slår det ut. No vil eg ha alt kvitt.



Og det var no nettopp at eg fekk det føre meg. Husbonden er sendt til hyttehuset for å jobbe der, ta imot rørleggar etc., medan eg er heime og passar barn. Vel, no var dei i seng og dermed gøyv eg laus med heftgrunning.



I morgon kveld og den etter det blir det kvit bengalakk, og så er det antakeleg ferdig.



Kanskje litt rart å tenkje at eg malar bord med barn i hus, men me har eit godt ventilasjonssystem og god varme, så malingsporene lukkar seg raskt. Det går bra. Og så har me god grunn til å kome oss ut på noko i morgon...

1 kommentar:

  1. Det blir fint med hvitt- og bengalack er jo bare supert;)Jeg maler kjøkkenbordet med vanlig halvblank oljemaling..og da må det jo endel strøk til- Jeg er også lei av spisestuebordet mitt---det skal bli hvitt etterhvert;)
    Jeg står og maler på kjøkkenet- men det er et luftig hus- så det går vel bra??

    SvarSlett