Ikkje her i heimen. Her vaknar store og små til liv når sola smilar til dei og varmar trøtte sovekinn med litt energi.

Ein slik morgon er det i dag. Og det kjennest som stor lukke å kunne sitje her og vite at dagen med stor sannsynlegeheit kjem til å bli god. Me har eit par prosjekt for dagen, og så skal han ende i langsom kos mot kveldinga.
I går kom møblene eg hadde bestilt tidleg i januar endeleg. Til trass for at eg nesten ikkje vågar seie at ting kan gje lukke, så må eg jo ærleg innrømme at stundom gjer dei det.
Når Eamesstolen inntok stua, skifta ho med eitt litt karakter, og det er herleg med forandring. Nokre bilete på veggane skal flytte plass osb., men slikt er jo berre kjekt.

Han er fantastisk å sitje i.

Og mannen her går og nyt dei reine linjene i han. Eg óg, altså.
Og så gler eg meg voldsomt til ettermiddagsprosjektet:

Caravaggioen er rett og slett rå. Eg valte glasvarianten for den gir meir lys. Han er ganske diger, så det skal bli rart å djå korleis han tek seg ut over spisestova (som eg rett og slett må male kvit no, det meste skiftar farge her for tida).

Men no først skal me alle på bytur og kose oss på våre måtar, eventyrstund for dei små, litt snop for mamma på Kremmerhuset og ein god kaffi for pappa.
Ha ein god dag alle samen. Håpar sola smiler til dykk også. Det er alltid verdt å nyte!
Så utrolig bra den stolen passa inn hos deg! Jeg må innrømme at jeg sikler på den selv, i utgangspunktet uten armlener, men nå synes jeg den med armlener ble veldig vin også plutselig.. Lampa var også kjemestilig!
SvarSlett