fredag 19. februar 2010

Arbeid pågår...

Her kjem ei helsing frå hyttehuset, det eigentlege huset som denne bloggen opprinneleg var meint å skulle handle om...


Det er framleis kvitt ute, men lyset gjer seg stadig meir gjeldande, og eg elskar det.
Arbeidet er i gang. Veggar blir reinska for gamalt tapet, spikarar fjerna (med vonde hender som resultat), ledningar rivne vekk osb. No skal dei gamle veggane fram, og dei er forbausande flotte. Det er ikkje mange fuktflekkane der, nei. Nesten synd å seie eg skal male over dei, men dei skal altså bli kvite. Eg må ha lys!


Arbeidet er enormt, og eg trur det er best å ikkje tenkje på det. Akkurat no sit me og planlegg korleis eit knøttlite bad skal vere. Eg vil helst ikkje ha belegg på veggar og golv for det er så sjellaust, men så er det pris og fuktsikkerheit då... Eg vil helst ha den gamle treveggen på badet som ei gammal tante i si tid har malt knall rosa, men så er det krava i dag, då... Det finst vel maling som kan halde fukt vekke på treveggar også... Hm, ikkje lett. Og golvet då, kva skal me ha der?

Slik driv me på no.

Her er eit bilete frå før me byrja rive...
Ved dette bordet skal eg om nokre månader (eg er optimist) sitje og nyte kaffien min på slagbenken saman med retroputer og leikande born i retrokjolar...
Ha ha, eg trur at tida er det einaste eg har nok av, eg skal vel få merke meg kor inderleg feil eg tar.
Men er ein optimist kan det jo gå...



2 kommentarer:

  1. Spanande! Lykke til med arbeidet! :)

    Ha ein god laurdag!

    SvarSlett
  2. Hei,,,,så spennende dette ser ut, men skjønner at det er litt av en jobb,,,,kos deg med prosjektet.
    Blir sikkert lekkert når det er ferdig.
    Ha en fin helg.
    Anne

    SvarSlett