tirsdag 22. desember 2009

Engletreet

Førre innlegg handla om makaronienglar, dette innlegget handlar om juletreenglar.



Ja, eg liker englar godt. Og englesortimentet på juletreet aukar. Eg har ikkje utvida det i år riktignok, men det kjem litt etter kvart, alle med kvar sin historie.



Denne heimehekla engelen er frå ei kreativ tante. Eg synest han er så mjuk og vakker.



Så er det denne og dei neste to også, dei kjøpte eg i Krakow eit år eg hadde med meg ein klasse til Auschwitz.



Marknaden i Krakow er vidunderleg, og eg fekk med meg desse englane i ein kvit liten papirpose. Det må vere ni år sidan no om eg reknar. Den kvite posen er framleis med i julekassa.



Eg synest desse englane er så koselege og kvardagslege med lure glimt i ansikta.



Og så er det denne då, eldstejenta sin desiderte favoritt. Ho kunne nesten ikkje la vere å stryke på han medan me pynta treet i kveld. Han var det vakraste ho hadde sett.



Og eg trur ikkje historien til denne engelen er annan enn at eg fekk han til halve prisen ein romjul og syntest han var vakker sjølv. Men han kjem til å få ein finare historie med tida. Eg er nemleg heilt sikker på hennar beundring kjem til å gi engelen eit nydeleg innhald og vakre minne. Ho kan ikkje ta augene frå han. Eg hadde også vakre minne om delar av mor sin julepynt då eg var lita.

Akkurat det kjennest litt rart. At noko eg berre kjøpar inn, kanskje heilt tilfeldig, skal bety noko for ungane mine seinare. Det er litt sterkt, rett og slett. I år var også fyrste gongen eg fekk høyre at ho huskar ting frå i fjor. "Der er den. Og den der huskar eg også godt". Rart for meg, som må stoppe opp og tenkje over at eg er tradisjonsformidlar. Eg har ein annan stil enn mi mor, og det er den mine døtrer får med seg og som gir deira barndoms jul eit innhald.


Her er engletreet vårt. Og den observante vil kanskje sjå at det heng fleire Borghild-strømper på det. Dei skal fyllast med noko godt når tida er moden for det. Jentene meiner tida er inne no, men eg er ikkje einig ;-)
Ha god føreburing fram mot den store dagen.

1 kommentar:

  1. Så nydelig innlegg! jeg tenker slik som deg... Alt vi gjør nå er med på å danne barna sine juleminner og formeninger om hva jul er..
    Skjønne engler forresten :)
    Klem, Madeleine

    SvarSlett