
Og no er det juleferie på skulen, og då blir det vel juleferie i barnehagen også. For kven vil gå i barnehagen når storesyster får vere heime og kose seg med varme og stearinlys innanfor snødekte vindauge. Det blir koselege dagar framover.
No har me også fått pynta litt til julen. Kyrkja eg fekk for to år sidan har fått ein fin og sentral plass i stova. I år har ho fått eit reinsdyr på taket. Eldstejenta vår har nemleg ein kamerat som elskar å teikne og klippe, så me har blitt forært denne i anledning julen. Og dermed fekk han lande på kyrkjetaket saman med ein engel.

Eg er ikkje så veldig nissefascinert, eg diggar englar mykje betre. Det er mindre støy med dei, meir fred. Desse to englane under her har fulgt meg frå studietida. Då fekk eg kjøpt dei til halve prisen ein romjul, og eg er berre sååå glad i dei.

Englane under her kan kanskje vere meir utfordrande i den svarte drakta si, men eg likar dei godt dei også.

Elles finnst det ein og annan adventstake her og der og ei diger julestjerne i vindauget.

Pepperkakehus er det visst også blitt. Dei skal eg vise i morgon. Må manne meg opp, he he.
I dag har snøveret lagt heile området kvitt og fredeleg. Plantar og buskar i hagen her er nedlessa av tung og våt snø. Me er ikkje så vande med slikt her på sørvestlandet, så eg er litt bekymra. Men det går godt, det veit eg jo.

Det blir iallefall lysare i stova med kvite omgivnader utanfor, og det er utruleg herleg. Den kvite amaryllisen min blomstrar forresten no.
Ja ja, enno gjenstår ein del handel og kakebaking, men slik høyrer denne tida til.
Ha gode dagar!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar