fredag 17. september 2010

Snopefredag

Det er rart kva ein får gjort når ein har dårleg tid fordi ungane kjem heim frå skole/skal hentast i barnehage. Då går eg raskt frå den eine butikken til den andre, raskar med meg litt av kvart utan å tenkje så mykje over det, eg fortener det jo ;-), og så hastar eg heim og er heime akkurat i rett tid.


Slik var det i dag. På ein grå regntung dag er det ekstra triveleg med fargar. Og når den eine butikken etter den andre har slikt å tilby, er det lett å bli overtala.


Her er noko av snopet mitt: serviettar, lysestake, te, kjøkkenklutar, brett og oppvaskkost. Eg gler meg til bruken. Teen skal eg kose meg med i kveld i ein herleg kopp med kjekke lys til, oppvaskkosten skal plasserast i hyttehuset etterkvart.


Eg blir rett glad når eg ser den oppvaskkosten. Kor praktisk han er eller ei, det får så vere, men glede kan han spreie. Det kan eg ikkje seie om Jordan sine, he he.

Forutan dette, blei det ny herleg bursdagskjole til 7-åringen her frå Noa Noa, strikkekjole til meg sjølv, regnkåpe og støvlar i ei gåve. Støvlane er innpakka, men dei såg kjekke ut. Eg hadde fyrst tenkt på Ilse Jacobsen-støvlar, men så anbefalte dama i butikken meg desse nyankomne Vikingstøvlane som var av nytt design, Blæst (klik biletet for meir info). Støvelen har visst fått Norsk designråds pris, er mykje betre på foten og har fem fargerike snorer som ein kan skifte med humøret (kanskje ikkje med veret, he he).


Håpar iallefall at mottakaren blir glad.

Ja, ja. Det blir ei fin helg, trass regnveret.


God helg!

5 kommentarer:

  1. Sikke fine ting! Dejligt med glade farver på en grå dag -og skønt med nye støvler, der passer til vejret :-)

    Svampelysestagen har jeg også købt, den er rigtig fin!

    Mange hilsner
    Mette

    SvarSlett
  2. Fine fargerike ting, forstår at du blir i godt humør :-) Jeg likte spesielt godt brettet, hvor har du snopt det?

    SvarSlett
  3. Hei!
    Takk for koselig kommentar på lappeteppet mitt:)
    For en søt og fargerik blogg du har!

    Hilsen Janne

    SvarSlett
  4. Brettet er kjøpt på Ting i Stavanger. Mange kjekke rice-ting der no.

    SvarSlett