torsdag 16. september 2010

Fortsatt framgang

No er det bestastova som blir ferdigstilt i hyttehuset. Veggane malte me i sommar, men golv, tak og dører har stått igjen. Det gjer bonden her noko med i desse dagar. Han har no slipt ned golvet og beisar det i kvitkalka beis slik me gjorde i kjøkkenstova vår tidlegare.

Dette er dagens rapport!
Eg gler meg masse til også den stova blir ferdig.



Sist helg malte me eit tv-skap. Ideen er slett ikkje min, eg fann han hos Bodil-Bo, som igjen hadde funne han hos ei anna. Så denne ideen har forplanta seg. Eg kunne ikkje motstå den sjarmerande løysinga som blei presentert hos Bodil, og som iallefall er aktuell for oss som har store monster-tv-ar. Dermed heiv eg meg ut på Finn, sendte mannen avgarde sørover i fylket vårt, fekk heim skatten og kjørte han til hyttehuset. No er skapet mala i ein lys turkis farge, isvann. Og eg er på jakt etter tøffe håndtak.


Apropos håndtak, så hadde eg eit innlegg tidlegare der eg ba om innspel til handtak på ein heimesnekra kommode eg fekk av onkelen min. Fjeldborg-Ingrid kom med tipset om handtak i skinn frå Karmameju. Eg likte ideen straks og no er dei på plass. Eg skal få lagt ut bilete av stasen.

Håndtaka til tv-skapet skal likevel vere annleis, eg diggar Anne Black sine, men får ta ein kikk litt rundt omkring her også. Tips er alltid kjekt å få uansett.



Så takkar eg for meg med eit lite bilete frå altandøra i hyttehuset, der har det kome opp fem perlestrimler laga av små barnehender. Tanken er at heile døropninga skal dekkast med slike. Men me kan ikkje tvinge barna til å trekke perler på tråd, så prosjektet har godt tidsramme.

Ha ein fortsatt fin dag i regnveret.

4 kommentarer:

  1. Det blir, det blir :) HIlsen fra PiPa

    SvarSlett
  2. Kjekt å se at ting går fremover:)

    SvarSlett
  3. Hej :-)

    Jeg er rigtig glad for din kommentar hos mig, så jeg kunne finde dig her igen. Jeg har nemlig været inde på din fine blog før, men glemte hvor det var. Jeg glæder mig til at følge jeres hytteprojekt - det ser spændende ud.

    Rigtig god dag.

    Mange hilsner
    Mette

    SvarSlett
  4. Så bra det blir! Skjønner godt at du gleder deg til det blir ferdig :)

    Idéen med tv-skapet var fint ja, av og til er det jo greit å gjemme litt og. "Ute av syne - ute av sinn" heter det jo så fint ☺

    Gøy med perlerader som ungene har bidratt med.

    God helg! Nina

    SvarSlett