Nettopp heimkomne frå ei herleg helg i hyttehuset. Stadig fleire ting fell på plass, men lista over gjeremål ser ikkje ut til å bli kortare av den grunnen. Det dukkar stadig opp nye idear og prosjekt. Men parallelt med prosjekta, så lever me litt også då, he he.
Denne helga hadde eg trudd me skulle kome heim med epler i bøtter og spann, men det blei med tanken. Men me fortvilar ikkje for det. Eg har nemleg kome over nokre herleg eplefunn på Fretex, både her i byen og i Ryfylke. Denne herlege eplekrukka er innkjøpt i Ryfylke til stor fryd.
Og så datt eg over ei korg med desse seks epleglasa på Fretex i byen. Etter å ha hive meg over korga, slo tanken meg om at det kanskje var nokon si korg... Eg blei flau og spurde den næraste eg såg om innhaldet var hennar, men nei. Dei var på veg ut i butikken.
Og då tok dei strake vegen oppi mi korg. Kan det passe betre med slike epleglas i hyttehuset? Nei, dei er perfekte til ein stad der sommarkjensla skal råde, der hausting av bær og frukt skal bli ein tradisjon.
Neste gong er nok eplene klare. Då skal det bli eplesaft. Men eg skulle gjerne hatt ei oppskrift på eplemost også... om nokon har.
Då eg kom heim frå hyttehuset, låg det ein fin og mjuk pakke i postkassa vår. Gjett om innhaldet i den var lekkert? Det er det alltid frå den kanten. Snart får de sjå.
Gode kvelden!
Så herlige funn! Ja de må jo passe perfekt i hyttehuset ☺ Koselig.
SvarSlettHilsen Nina