No begynner soverommet vårt å bli ferdig i hyttehuset. Eg kan riktignok ikkje vise alle fire veggane, for på den eine står uferdige maleprosjekt, men noko kan eg vel etterkvart vise fram.
Og då blir det denne veggen her. Her har eg limt opp ein Ferm Living wallsticker, og det gjorde susen her inne. Det heile blei litt stramare, og ikkje fullt så sukkersøtt som det kan bli med ein pudderrosa skjenk/kommode, he he. Eg er ikkje utprega romantisk av meg, men soverommet kan godt vere i nokre mykare tonar enn resten. Dermed har eg tillate meg fargen rosa her.
De veit, mennene er ikkje alltid så overbeviste om at sarte rosafargar er dei rette i ein heim, men bonden her syntest faktisk det heile blei greitt. Og det er jo ikkje verst.
Men så lurer eg litt på om eg ikkje skal piffe skjenken opp med litt tapet. Eg er usikker, så om nokon meiner noko her, er eg takksam for innspel. Eg har dette tapetet frå Liebe i København liggjande:
Skal eg tapetsere skuffene?
Eg synest veggklistremerket skaper liv på rommet. Den lille fuglen som sit oppå garderobeskapet kikkar bort på dei andre og vil gjerne vere med. Ungane synest det er kjekt å dikte historier om desse fuglane.
Nedst til venstre heng skittetøyet vårt. Slikt må ein ha i hyttehuset, veit de. |
Ja ja, dette var litt frå soverommet vårt.
Uups, no kom eg på at det var her inne eg hadde sett dokkekjolen jentene etterlyste. Han har søkt ly under skjenken, he he. |
Så får me vente vidare på det fine veret. Gode dagar til dykk!
For et nydelig rom. Og for en fin blogg du har. Her kommer jeg igjen! :)
SvarSlettSyns absolutt litt tapet på skuffene hadde gjort seg. Men det var fint slik det var nå også! Så elsker jeg wallstickeren din :)
Hva med bare speilfeltene på dørene? Blir harmoni. Skulle hatt sånt dataprogram hvor man kunne ha hatt forhåndsvisning på slike prosjekter, før man i det hele tatt rørte lim eller maling....
SvarSlettKjempefint! Og wallstickeren skapar den heilt rette kontrasten - flott! God sommar i Hyttehuset :-) Klem; Heidi
SvarSlett