søndag 19. juni 2011

Hylleblomstsaft

No er det tid for innhausting av hylleblomstrar. Iallefall her. I går var hylleblomstrar nokre av dei blomstrane eg plukka inn. Rett utanfor huset her står nemleg ein stor svarthyll som ingen ser ut til å bry seg om. Det passar meg veldig godt, for då nappar eg med meg ei korg med blomstrar for å lage saft.


Hylleblomstsaft er noko som høyrer sommaren til, synest eg. Ein skikkeleg sommardrikk.


Og så er det verdas enklaste saft å lage. Du treng sukker, sitronsyre, hylleblomstrar og sitron. Så skal du riste blomstrane litt for å få vekk eventuelle smådyr på dei, klippe av det meste av stilken (om du gidd), dele opp sitronane i skiver... 

... deretter drysse over sitronsyre og sukker (i store mengder)...
så skal du helle over kokande vatn og røre litt rundt. Eg brukar vatnkokaren.


Ja, så er det rett og slet berre å setje det heile kaldt i tre dagar. Etter det silar du og heller konsentratet over på reine og lekre flasker. Kjekk sommargåve og kjekt å ta fram på bordet utover sommaren.

(Ja, her ser det også beina til minstejenta på biletet ovenfor her, ho følgjer ivrig med på det som skjer.)

Oppskrifta eg brukar er slik:
40-50 blomsterskjermar
2 kg sukker
2 pk sitronsyre (50 g)
2 liter vatn
3 sitronar

No skal eg berre røre litt i gryta nokre dagar så er safta ferdig. Prøv du også, vel!
Ha ein god søndag!

3 kommentarer:

  1. Hmm.. dette var helt nytt for meg,
    men det hørtes fristende ut å prøve. :)
    Er litt usikker på om Hyllebær vokser her jeg,
    det må jeg undersøke.
    Ønsker deg en fin dag. :)

    SvarSlett
  2. Så spennende! Hylleblomstsaft har jeg aldri smakt før, tror jeg må prøve det først for å se om jeg liker det, før jeg setter i gang med storproduksjon selv.. :)
    Kjempefin blogg du har! Liker veldig godt fargene og stilen din!

    SvarSlett
  3. Skal jammen prøve å lage meg litt saft, inspirerende :)

    Har lagt meg til følger..

    SvarSlett