Her er skapa me fann på Finn i mørkna furu. Blei dei ikkje fine i stova i hyttehuset? Isvann er fargen, og den har me fleire stader. Innanføre her er spisestova vår, og til venstre der igjen er kjøkkenet me har opna opp. Oppå skapet her ligg den heimelakkerte lampa me skal ha i taket her, funnen i bruktbutikk i København.
Eg blir alltid usikker på kva eg skal ha i nye skap, eg får jo plutseleg ein god del meir plass. Ja, ikkje det at eg er redd for at dei ikkje skal få innhald, men kva for type innhald skal vere i sentrale glasskap i stova? Lettilgjengelege lys må det iallefall vere. Her i ei gåvepapirtapetsert eske.
Og så knipsa eg nokre bilete av stova igjen. Eg ventar på å få malt dette fretexbordet kvitt. I mellomtida har eg berre lagt under noko stoff. Det hjelpar på. Eg er ikkje heilt gira på treverk eg, og skal det vere det må det vere lyst.
Her er til sist sofakroken vår kor me glanar på tv, kvilar og spis snop i helgene, he he.
God veke!






Så fint det ble! Fine bilder!
SvarSlettDet vart knallfint! Fargen er heilt prima! :)
SvarSlettUtrolig hva litt maling kan gjøre,,,den fargen passet flott på ei hytta,,,,sommerlig og fint.
SvarSlettKos deg.
Anne