tirsdag 12. oktober 2010

Haustferie i hyttehuset - velkommen inn!

No er dørene i hyttehuset på eit vis opna. Me er her på haustferie og storkosar oss, sjølv om det framleis er mykje arbeid som blir gjort og som skal gjerast. Det store i denne omgangen er at no er golva ferdige i heile huset minus trappa opp. Det betyr at me kan ta ibruk alle romma, og det er rett og slett skamherleg. De skal derfor få kikke litt inn, sjølv om det tar tid å finne riktig plass til det meste.

Her er bestastova (tv-stova, he he).

I denne stova er alt brukt, anten kjøpt via Finn, arva eller kjøpt på Fretex. Det gjeld vel nesten heile huset. Golvet er slipt, kvitbeisa og lakka, veggane malte ørten lag med kvitmaling (vannbasert har dårlegare dekkeevne, sukk). Det store tv-skapet er ein kopiert ide frå BodilBo og ei gullgruve for oss med stor og klumpete TV og barn med fargestifter, spel etc. Alt ligg trygt og godt bevart + skjult inni der.


Her ser det magasinholdaren her i hyttehuset, ei gammal veske etter mannen si bestemor. Eg syntest veska var så skjønn at ho måtte i bruk på eit vis.

Så vandrar me inn på kjøkkenet der me omsider har fått ferdig det meste. Denne kjøkkenøya frå Ikea er unntak fordi ho er kjøpt ny. Me har brukt fleire dagar no på å få henne på plass, for det viste seg å ikkje vere heilt enkelt  med skeive golv og veggar. Men no står ho støtt som fjell (håpar eg).


Under her er kjøkkenet sett frå andre stova, spisestova vår. Kjøkkenøya er heilt enkel, men ein draum når ein skal lage til noko til dei små. Kjekt å stå med fjeset mot dei når ein lagar mat. Oversjå rotet på kjøkkenbenken! Den svarte lysestaken er ein gammal messingstake frå 90-talet som er lakka svart. Passar godt her, synest eg.


Og når kvelden kjem og noko godt dukkar opp på benken, kikkar dei små fram...


Haustferie er herleg!
God ferie til de av dykk som har det no.

5 kommentarer:

  1. Åå kjempefint var det her!! skjønner godt at dere koser dere her ja! lyst og fint med herlige fargeklatter her og der.. det liker jeg:)
    kose dere masse videre!

    SvarSlett
  2. Så flott det er hjå deg i hyttehuset! Riktig koseleg...likte golva dine veldig godt.

    Kos deg vidare i haustferien!

    SvarSlett
  3. Fantastisk hyggelig stemning. Jeg ville flyttet rett inn og storkosa meg :-)

    SvarSlett
  4. Så utruleg koseleg de har fått det! Kunne gjerne tenkt meg å krølle meg saman i den sofaen med ein kaffikopp! Knalltøff magasinhaldar, forresten! :)

    SvarSlett
  5. For en herlig stemning du har skapt på hytta,,,,,
    Vår hytte er også ei "gjennbrukshytte" hvor det eneste vi har kjøpt nytt er sengene,,,,,og jeg nyter at det er sånn.
    Kos deg i høstferien,,,,
    Anne

    SvarSlett