Før me drog på haustferie denne veka, var eg innom mi gode venninne Cecilie, som er dagleg eigar av Gardintrylleriet. Ho er bånn sløv på marknadsføring av eiga bedrift, ikkje har ho nettside, ikkje har ho blogg og ho er ikkje på Epla eller Facebook. Kva i all verda? Men ho har sine faste kundar i Stavangerregionen som held ho i live. Ho syr nemleg gardiner, puter og slikt på bestilling, og det er nok å gjere. Men det kan jo alltid bli meir, ikkje sant?
Sjølv synest eg ho må komme seg på nett og vise kva ho syr. Iallefall, eg var innom henne for å få sydd kjøkkenliftgardiner til hyttehuset vårt, då ho i forbifarten nemnde at ho syntest det var så kjekt med bestikkhaldaren som ho og mannen hadde heime.
Ein kvafornoko? spurde eg.
Jo, då kom det fram at dei ofte gløymde bestikk når dei laga mat og at det var så praktisk å ha bestikket liggjande på kjøkkenbordet i ein passande stoffpose ho hadde sydd.
Ah, for ein sjarmerande ting å ha, sa eg. Og så oppdaga eg at det låg ein liten bit av dette stoffet med favorittfargane mine framføre meg...
Eg har prøvd meg på både innbrett og utbrett, men likte utbrett best. No står bestikket i nærleiken kor enn me er.
Nydeleg ver i dag, modne eple og pærer i hagen, fin tur langs sjøen med minstemor, heimelaga potetstappe til middagen og eigensnekra brownieskake til kaffikos. Haustferie var det visst. Mmmm!
Åh så lurt!!! og så fine.
SvarSlett