
For ein flying start på ei helg.
Og slik kan ein ha det når mannen innimellom har fri på jobben.

I tillegg til dette, og det var vel det som var hovudårsaka, kan eg tenkje, så hadde eg kvelden føre vore og kjøpt inn ein Kenwood kjøkkenmaskin på sal. Sjølvsagt ville eg også hatt ein tøff Kitchen Aid-maskin, men med ein mann som likar motorkraft og styrke, (og som i tillegg er meir glad i å bake og lage mat enn eg er), så måtte designet vike. Eg kan godt vere med på slikt, eg.

Og når takkegåva blir slike prinsesseboller som dette i ein prinsesseheim, så tenkjer eg ikkje meir på det ein gong.
I går blei det bollefest i heimehuset slik dei har bollefest i pulverhuset til Pulverheksa.
Har de lese bøkene om henne forresten? Dei er herleg lesing for små og store.
Ha ein god laurdag.
(Undrar på om det ikkje blir noko matproduksjon i maskinen i dag også eg...)

Mmm, det ser godt ut! Vi har også ein Kenwood, i dag har den vore i sving med brøddeig, så no duftar det nybakt i heile huset. Etter bruk gøymer eg den i skapet att, så designet plagar meg ikkje. ;)
SvarSlettGod helg!
åååå nå fikk jeg såååå lyst på boller , nystekte åååå mmm :)
SvarSlettÅH! Dette så deilig ut! Nå fikk jeg lyst på nystekte boller, kan nesten kjenne lukten helt hit!!!
SvarSlettHeldige du! :)
SvarSlettJeg har også kenwood, og jeg er veeeldig glad i den. Vi har invitert til skidag i morgen, så dahr jeg planer om å servere gjestene boller og kakao.
Ønsker deg en fin lørdagskveld!
Madeleine