Medan litlejenta her i huset søv sin søte føremiddagssøvn, kommuniserar mammaen og pappaen via mail og handlar på Fretex. I morges slengte eg nemleg berre ut i lause lufta at viss mannen fekk tid til å ta ein tur innom Fretex i pausen sin, så kunne han sjå om det var nokre dynetrekk der.
Og sanneleg tikka det ikkje inn ein mail med bilete og ein påfølgjande telefon der eg fekk ordre om å sjekke e-posten min (eg har nemleg ein haltande gammal mobil som ikkje lenger maktar å opne bilete). Eg var ikkje vanskeleg å be. På mailen min låg biletet ovanfor, tatt frå mobilen hans. Ikkje så godt å sjå dynetrekka her, men eg ba han kjøpe det underste kvite og raude pluss det gule ovanfor. Han meinte stoffa var fine. Dei raude blomane minna meg om melkekartongblomane frå då eg var lita. Det gule var med blomar og visstnok sitrongult, og den fargen elskar eg.
_
Herleg, avslappande handel, ikkje sant?
Det blir spennande å sjå om cyberhandelen vart bra.
_
Og då dynetrekkmannen sannsynlegvis var ferdig med handelen sin på Fretex, kom det andre biletet han sendte. Ikkje alltid at cyberspace klarar å effektuere ordrane til rett tid...
_
_
Eg syntest det mørke brune her såg interessant ut, men på telefonen fekk eg vite om at eit mørkebrunt han trudde eg kanskje likte, var for slitt.
No ligg no desse att på Fretex i Stavanger, så om nokon likar dei er det vel berre å løpe og kjøpe.
_
Ha ein god soldag!
(Eg gler meg til ettermiddagen kjem.)



For en fin måte å shoppe på:) Det røde og hvite så kjempekult ut, og jeg må vel innrømme at jeg hadde tatt med meg de fleste av dem...:) Men Stavanger er nok litt for langt unna meg..
SvarSlettHe he, eg skjønte at det var i Stavanger av bileta.Kjendte igjen dei som låg i hyllene for å sei det slik. Så kjekt at du har fått deg litt på lageret du også :)
SvarSlettGod helg klem