
Denne helga kom eg heim til grønnsåpelukt og friske nellikar. Eg har snille menneske rundt meg! Og nellikane putta eg i eit norgesglass. (Eg får litt gravferdkjensle av desse blomane, men den må eg leggje vekk, for dei er berre nydelege.)

Og så var det ein liten blome som falt av. Han blei lagt som pynt inni Mogens Lassen-staken min. Det blir skikkeleg 3D-effekt av slikt.


Eg vågar nesten ikkje seie at han ligg i eit oskebeger, for eg røykar ikkje og synest lite om sigarettrøyking. Oskebegeret er kjøpt inn til gjester og berekna på stille sommardagar ute. Til no har det aldri blitt brukt. Eg synest det duger betre til ein vakker blome enn grå oske.
Ha ein god dag!

I like dynetrekkmenn ;)
SvarSlett