fredag 16. oktober 2009

gammalt og gult

Dette gamle medisinskapet var tenkt til doktorskap på jentene sitt rom i hyttehuset.



Men etter å ha vore innom Susan Liebe sin butikk i København, har eg endra meining. Og heldigvis er eg litt treg av meg, så skapet er enno ikkje gjort noko med. For hos Liebe var det mange slike og liknande skap som ho hadde dulla med og som stod der og freista eit forfrose nordisk hjarte.



Dei var tapetserte inni og mala med nydelege fargar. Og det tenkte eg å gjere med dette no. Liebe elskar jo turkis og lys lilla, og eg er nokså lik der. Men eg er slett ikkje overbevist. For no er det slik at den gule fargen er ved å innta hjartet mitt. Eg diggar gult og synest det er kult.
Eg diggar gamle kassar også!

Ein herleg kombinasjon.

Men så er det dette med mote då. Eigentleg blir eg kvalm av at eg lar meg påverke av motebilder, for kvar er eg då eigentleg plassert? Eg har aldri likt gult eg, ser de. Men no... ja, eg blir varm om hjarterota. Akk ja.
Så eg får sjå kva farge skapet får.
I hyttehuset trur eg pastellane skal få boltre seg sjølv om eg aldri hadde trudd eg skulle seie noko slikt etter 80-talet. Då blei eg nemleg relativt metta. Men no er det åde sagt og meint.

3 kommentarer:

  1. Jeg er også inne i en gul og oransje periode + grønt. Gult trenger jo ikke være pastell, ikke den solaktige varianten. Jeg tenker at gul er en farge man egentlig må smile av. Det er smilefjes- og solfargen. Jeg planlegger å lage meg et lappeteppe i gult og oransje retrostoff - som jeg skal tulle meg inn i på grå dager ;). Det må vel funke på samme måten som Sanasol, nesten ;). God helg til deg ;)!

    SvarSlett
  2. Ja, eg er så einig så einig. Sanasolmetaforen kjøper eg. Den var god! Akkurat slik er det.

    SvarSlett
  3. Gult eller ei - følg hjertet. Det blir alltid riktig å følge første innskytelsen og magefølelsen er min erfaring! Selv er jeg absolutt ikke gul. God helg - klem fra Gro!

    SvarSlett