Ein av dagane var me i Nørrebro. Det er fantastisk kor fri ein blir med ein GPS på mobilen. Då kan nesten ingenting stoppe ein. Ein driv ikkje og vasar vekk mykje tid på å leite seg fram, ein kan styre seg rett mot målet. Og denne vakre soldagen var altså målet den sjarmerande bydelen Nørrebro.

Eg forelska meg straks. Me gjekk først i Elmegade, for me hadde lese om at det var ei sjarmerande gate. Men me vart ikkje sjarmerte i senk. Så hamna me i ei langt meir fargerik gate, nemleg Blågårdsgade. Me brukte langt tid ned gjennom denne gata for eg måtte jo innom kvar butikk så og seie.
Den butikken som saug både meg og Frøken Størst inn var Husflid i nummer 4. (Heimesida imponerer ingenting, men det gjorde butikken. Forresten tenkte innehavaren å starte nettbutikk, så det kan bli spennande.) Her inne var det mykje retro og kreative bølgjer. Massevis av retrostoffer i form av dynetrekk, puter og dukar og gardiner og band og alt det eit kreativt hjarte og eit mindre kreativt hjarte kunne og måtte draume om.

Eg tok ingen bilete dessverre, men må berre anbefale denne butikken.
Der inne kjøpte eg med meg desse dynetrekka til 200 dkr pr stk. Dyrt nok, men eg kunne ikkje la dei bli verande der.

Det herlege eplestoffet er eit juniordynetrekk som Frøken Minst skal få i senga si. Dei andre skal bli til andre ting i hyttehuset vårt. Der skal sommarkjensle rå når det blir ferdig. Eg fann forresten ein slagbenk på Finn.no før haustferien, og den skal få puter og tepper i desse stoffa. Eg gler meg som eit barn. Men det blir nok ikkje før til sommaren då.

Madame Grøn litt lenger ned i gata hadde også ein sjarmerande butikk med litt vaksen- og barneklede, litt vesker og litt nips.
Og lenger ned i gata dukka ein bruktbutikk opp. Eg tok dessverre ikkje bilete der, men eg fekk med meg to boksar og ein designarlampeskjerm. Den skal eg vise seinare.
Her er den eine boksen eg kjøpte med meg. Ei fargerik bombe. Og saman med Mano-krusa som eg kjøpte på tilbod på Illums, blei jo dette ein herleg kombinasjon.
Eg kjøpte seks Manokoppar, her manglar den lilla og den lyseblå. Dei er nemleg opptekne akkurat no. Herlege koppar.

Og så var det denne H.C.Andersen-boksen då. Han må bli obligatorisk til jul.

Eg har tidlegare nemnt at eg elskar H.C.Andersen sine eventyr, og Den lille havfrue er favoritten. Eg likar så godt den andelege reisa havfrua gjer, og eg legg alltid opp dette eventyret for elevane mine. Det er så kjekt å dyrke fram kunsten i originalteksten når Disneyversjonen er alt dei har fått med seg. Vel, nok om det då.
Nørrebro er ein fargerik stad i København, og ein liten butikk i Elmegade "Divaen og krudtuglen" representerer dette godt.
Her inne fann eg i tillegg til lekre fargerike klede til jentene her, denne boka om furunderlege familiar.

Jentene her syntest ho var spennande fordi ho var annleis. Og det likar eg. Ikkje språkleg suveren, men innhaldsmessig interessant.

Nørrebro var herleg. Syklane dominerer der også som i resten av København, og så var det så herleg hauststemning.







Heisan!
SvarSlettTusen takk for hilsen! Så flotte og fristende bilder fra Danmark! Fikk virkelig lyst til å sette med på flyet eller i bilen og suse avgårde til herlige Danmark som jeg aldri blir lei av.
Gps er fantastisk! Brukte den sååå flittig i Danmark i sommer. Hadde plottet inn diverse adresser til bruktbutikker som var funnet ved googling på nettet først.
Herlige retrostoff du viser! Det gule så helt fantastisk ut! Ha en fin ny uke!
Klem fra Kaspara
Tusen takk for koselig kommentar! Jeg var innom bloggen din tildligere i dag, og hadde tenkt å legge igjen en kommentar, men kom ikke så langt før jeg måtte på jobb. Kjekt å se at du har vært innom meg. Du har en veldig fin og variert blogg :)
SvarSlettJeg var i København i fjor høst, og syntes Nørrebro var helt fantastisk :) Vi syklet fra Nyhavn, og tilbragte flere timer i små butikker fylt av alskens herligheter. Frister definitivt til gjentakelse. Spesielt etter at jeg såg dine fine bilder :)
Ha en god natt!
Klem Madeleine