søndag 25. oktober 2009

Ugler og Nulle

Det er ugletid. Ugler overalt, og eg diggar ugler. Det er noko med at dei er så karikerte i formen sin, så reine i linjene og bokelskarar. Uglene er vakne når andre søv, dei er med andre ord litt særeigne. Og det diggar eg.

Eg skulle gjerne ha sydd ugler slik som fleire her i bloggverda gjer, men eg kjem meg ikkje til maskinen. Han står ikkje langt vekke, men det er eit ork å dra han fram for då må eg rydde til ein stad å sy, og då må eg først lage eit triveleg system, male det bordet eg har tenkt å ha som sybord, dille og dalle. Ja, det er slik eg er. Eg likar ikkje heilt forelaupige løysingar, eg vil ha alt på plass med ein gong.Og dermed blir det lang venting. Kanskje eit år...

Derfor tok eg meg ein kort etsyrunde no i kveld, for strikking er jo meir overkommeleg. Då kan eg sitje i sofaen, og den er no triveleg nok.



Var ikkje denne ugla herleg? Så truskyldig og ærleg.


Og denne var jo nusseleg også. Eg skulle jo fint klare å strikke desse.



Hekling byr på fleire problem. Eg har nett lært meg fastmoskar, men det blir ikkje så fint.

Uglene ovanfor er laga av AmyGaines på Etsy som du finn her.
Så dukka desse også opp, hekla riktignok. Dei var jo vidunderlege.
Då eg bladde gjennom produksjonen til Saplanet som har laga uglene ovanfor, dukka denne herremannen opp. Og han drog eg kjensel på med ein gong. Han kan vere både Lille Trille (som satt på hylle og trilla ned og ikkje kunne få hjelp av nokon), men han kan óg vere NULLE frå skuletida mi.
Nulle tok med gjennom lassevis av reknestykke. Han gaida meg trygt og godt gjenneom pluss og minus og deling og ganging (som me kalla det fram til vidaregåande skule), brøk og potens. Eg var ganske glad i Nulle, eg. Eg farga han alltid, for matematikkbøkene våre var jo berre i svart-kvitt. Han smila så herleg og var optimist.
Eg trur eg kan vere takksam for det.
---
Her er forresten verset om Lille Trille:
Lille Trille satt på hylle
Lille Trille trillet ned
Ingen mann i dette land
Lille Trille bøte kan.

5 kommentarer:

  1. neimen så utrolig søte da, herlige!:)

    gjett hvem som skal til køben i november...meeee, rågleder meg!

    ønsker deg en finfin uke,
    vibeke

    SvarSlett
  2. Takk for noen fine bilder. Ja skulle gjerne klart å sydd og strikket slike jeg også. Men er så mye annet jeg også vil lage, så det blir nok ingenting :-)

    Ha en fin start på uken.
    Hilsen BlandetLoft

    SvarSlett
  3. Hei! Jeg likte bloggen din godt, og har lagt meg til som følger.. håper dette er greit for deg:)Så artige de uglene var da:-) jeg er også veldig glad i ugler.. har nettopp laget en i papir.. bare sånn for å prøve meg litt.. har lyst å strikke en også.. er ikke superflink i strikking, men tror ikke det er umulig å få til noe som ligner en ugle hvertfall.. hihi..
    Ha en fin kveld videre:)
    Hilsen jannepålanne

    SvarSlett
  4. Heisann. Takk for hyggelig kommentar hos meg...Beklager sent svar, men her kommer svar på dine spørsmål!
    1.) Ja det en en vanlig sjokoladekake i springform som er utgangspunktet til Hello Kitty -kaken
    2) Jeg fikk det hvite fyllet ved å stivpiske 2 eggehviter og så røre inn nesten en hel pakke melis
    3) Muffinsstativet er kjøpt på Traktøren i Bergen (Lagunen)

    Ha en trivelig uke...

    SvarSlett
  5. Dei strikka uglene var kjempesøte!

    SvarSlett