
I mellomtida kosar me oss heime, naturlegvis. Eg har funne fram ein gammal Ikea-hest som var gråkvit med delvis avflassa bokstavar og teikn på. Igrunnen skulle han ha vore kasta for lenge sidan, men så kom eg på at eg kunne male han. Han fekk fargen isvann, og eg blei kjempenøgd med han.

Derfor fekk han plutseleg god plassering i stova, oppå eska eg kjøpte i Køben. Og lysestakane kjøpte eg billig på den lokale gjenbruksforretningen. Trur de sanneleg ikkje eg drog fram symaskina også...

Eg hadde kjøpt dette passande dynetrekkstoffet i Køben, og dermed måtte eg lage ein fugl som kunne matsje (eg diggar å lage norske ordvariantar, frekt og freidig). Eg er naturlegvis ingen kunstnar på maskina, men det duger, det er godt nok, tenkjer eg.
Kommoden fekk eg i sommar frå eit dødsbo, og då såg han slik ut:
Handtaka skulle kanskje ha vore skifta ut, men det kom eg ikkje på før eg sende mannen ut i maleteneste. Dermed blei dei pussa, så no er dei blanke messingen. Eg har igrunnen ikkje messingfargar i heimen, men denne får gå.

Kjekt med enkelt nytt.

Ha ein god novemberdag.
Og lytt gjerne til Vamp sin Tir Na Noir som handlar om svart november med hav som knusar mot strand.

Så fin kommoden var! :-)
SvarSlettHa en fin kveld.
Hilsen blandetLoft
Så herlige farger. Isvann er nydelig!
SvarSlettkommoden ble kjempe-fin!
klem Beate