tirsdag 17. november 2009

Mi svane

Eg har ingen designarsvanar her eller i hyttehuset. Dei ligg i ein annan kategori enn der eg er.
Men her ein dag fann eg mi eiga svane. Denne kunne eg ikkje gå forbi på Fretex.



Lampa gir meg assosiasjonar til ei vakker, kvit og fredeleg svane.
Det rare er imidlertid at eg hata ei liknande lampe me hadde i barndomsheimen min for lenge sidan. Eg var flau over den stygge lampa, og eg kunne ikkje i mine villaste fantasiar forstå kvifor mor mi ville ha ein slik. Men no, derimot, no er tonen annleis.



Og gjett om ho blei sjuk på ei slik lampe då ho såg min. Det finst fleire av dei på Fretex, men ikkje så kvite og fine som denne då.

Eg skal ha lampa i hyttehuset og så lurar eg på om eg skal gi stamma ei anna farge.
Usikker der...

Men fint trur eg det blir uansett.

2 kommentarer:

  1. Så fin lampe! Skjønner godt at du falt pladask for den =)
    Ha en fin kveld!
    Madeleine

    SvarSlett
  2. Flott lampe :)
    Og tusen takk for besøk i bloggen min :)
    Veit egentlig ikkje kva garn det er. Berre nokre restar eg fant, der fargen var nokså lik den lua eg såg etter :) Muligens Ida eller Silja. Det grå trur eg er babyull. Man tager hva man haver ;)

    SvarSlett