søndag 8. november 2009

Nålepute frå Kina

Eg har hatt eit forhold til slike nåleputer som dette heilt sidan eg var barn. Eg hadde nemleg ein onkel som var misjonær i Kina. Han kom heim med forskjellige kinesiske ting til oss, smykkeskrin, kister, pengepungar m.m. Det var alltid kjekt å ha slike ting i ei tid då det var eksklusivt og annleis.



Eg veit ikkje heilt korleis det er med desse nåleputene no, om dei er å få fatt i her i landet eller ei. Eg og mannen var i Kina nokre år før me blei foreldrer, og då kjøpte eg med meg ei ny nålepute for eg kunne ikkje finne dei gamle. Eg hadde slike gode minne får puta at eg måtte kjøpe med meg ei ny når ho låg der rett framføre meg.



Så var det her ein dag at eg plutseleg kom over ei av dei gamle nåleputene. Den raude ovanfor her hadde vore vekke i fleire år, men plutseleg berre var ho der.



Kineserane såg på meg, nesten klandrande for det ringe tilveret dei hadde hatt i åresvis.



Dei nye kineserane hadde vel ikkje så mykje dei skulle ha sagt, uttrykkslause som dei er.

Og det er då det slår meg at det er ein voldsom stor skilnad i kvalitet på desse produkta. Den gamle puta frå 1970-talet er sydd i ekte silke, og kineserane har ekte silkeklede på seg også. Innmaten er også av ein meir solid substans.




Den yngre utgåva er rimeleg simpel med sin "billige" silke (sateng). Ho knitrar billig når eg trykker på henne.

Studerer ein dei nærmare under, ser ein skilnaden umiddelbart.



Dette er naturlegvis inga overrasking, for det er jo slik det er. Ein får kjøpt det meste i simpel masseproduksjon i dag. Og det er forsåvidt godt nok det, det duger jo.

Men eg likar no aller best det ekte, eg.

Derfor er eg ekte glad for og stolt over den gamle nåleputa mi som dukka opp hos meg igjen. Ei kjærkommen overrasking.



Og så framkalla det heile eit varmt minne over ein god onkel som dessverre ikkje er her på jorda med oss meir.

2 kommentarer:

  1. En slik har jeg også hatt! Veldig morsom å se igjen :) men min lignet nok mest på den masseproduserte, enklere utgaven. Så kjekt at du fant igjen den gamle! Kjekt med slikt som er så ordentlig laget.
    Ønsker deg en fin uke! =)
    Madeleine

    SvarSlett
  2. Hei!
    Takk for hyggelig kommentar på sida mi! Likte godt din blogg også! Jeg har også en slik nålepute. For meg bringer det fram minner om basarer og jul. Hmm, skal tro hvor min har tatt veien...

    SvarSlett