tirsdag 3. november 2009

Kreativ krukke

Det finst så utruleg mykje fint handverk rundt omkring. Eg er overvelda over kva folk får til å lage og ikkje minst over kor dei tar ideane ifrå.



Heldigvis er ei slik kreativ evne ein eigenskap som ikkje kan la seg stoppe av vind og føre, for å seie det slik. I land med avgrensa materialmengder, kan slike kreative evner vere gull verd.



Fair Trade-produkta er spennande fordi dei tek i bruk materiale på spennande måtar. Då eg var i København var eg innom ein slik Fair Trade-butikk og kjøpte med meg denne krukka. Eg synast ho er så herleg, og ho passar inn i ulike stilar.



Førebels veit eg ikkje kva eg skal ha oppi henne, men ho er dekorativ i seg sjølv, så ho står der tilsynelatande tom. Det finst nemleg løyndommar i henne. Og eg kan gruble over dei om eg skulle ønskje det.



Av og til pleier eg å forsøke å lese litt av det som står på krukka. Det kan sjå ut til å vere fransk utan at eg kan fransk, he he.




Ho er nemleg laga av papir som er bretta fast og bestemt saman, lagt i tette lag og forma som denne krukka med lokk. Kreativt, ikkje sant?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar